Rugger og brossar

Share

I kveld var Karin Bøe i studio og fortalde om boka ho har skrive, Rugger og brossar. Åkle i Setesdal. Stoffet til boka har ho i grunnen samla i løpet av dei 17 åra ho har budd i kommunen. I løpet av desse åra har ho snakka med over 100 kvinner om vevinga deira. Boka er blitt eit flott monument over kvinners kunstverk i farne tider, vevkunsten er nok på veg ut av kunster som kvinner tek med seg heinefrå i våre dagar.

Ei rekke sponsorar har løyvt pengar til boka, dei har fått mykje kultursoge for pengane. Og lesaren får mykje for pengane når ein kjøper boka til 399 kroner. I tillegg til svært mykje informativ tekst er det ei mengd med fine bilete. Karin fortalde at ho har teke dei flest bileta sjølv, dei er store og viser teppene på ein god måte slik at ein ser heile teppet, ikkje bare deler av det.

Karin fortalde levande om arbeidet med boka og var glad at ho var ferdig med arbeidet. No skulle ho vere kyrkjetenar og køyre post, den siste jobben er ho vikar for no i den travle førjoletida. Eg skal kome tilbake til litt meir stoff om boka, det er ei fin jolegåve til alle som har åkle i Setesdal.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *