Skilnaden mellom spørsmål og å realisere

Share

Når du får eit spørsmål om å kåsere på jolebord om tre veker, er det lett å svare ja, men når dagen nærmar seg, tenkjer i alle fall eg ofte at eg skulle ha svart nei, kvifor utsetje seg sjølv for noko så nervepirrande i staden for bare å ha ein hyggeleg kveld utan å stikke seg fram.

Slik vart det i år og, no har eg gått i mange dagar og fundert på kva eg skulle ha som tema og korleis eg skulle legge opp heile kåseriet, og no nærmar det seg stygt, og eg har enno ikkje funne forma, sjølv om eg trur eg anar kva eg kjem til å snakke om. Det vert ikkje det som står i jolebordsongen du fekk lese i går, det er jo der, så eg må finne noko anna å kommentere.

Ideelt sett burde eg ha skrive kåseriet, slik at eg var trygg når eg skulle halde det og hadde eit papir å stø meg til. No rekk eg ikkje det, ser det ut til, og å støtte seg til eit papirark er jo nokså mager støtte i alle fall. Eg må nok ha det på plass i hovudet, i alle fall i grove trekk, og så får det gå som det vil.

Dei gongene eg har skrive kåseria mine, blir det ofte noko bunde, den munnlege forma vil ikkje ut av det kvite arket, så når eg står der og skal halde det, går det ikkje så lenge før talen er utan forankring i papiret, men flyt fritt etter tankespinn som på ein eller annan måte rullar mellom kåsør og publikum. Annleis nok for dei som kåserte fem på halv åtte i P2 før, dei hadde jo ikkje nokon reaksjon å måle kåseriet etter. No er det borte, radiokåseri er visst ikkje så mykje å samle på, sjølv om eg som er så gamal at eg hugsar Richard Herrmann sine kåseri frå London som glitrande talekunst. Sjølv har eg prøvd å ha kåseri i det kvarteret eg har i starten av tysdagssendingane, det går litt opp og ned, men eg har no halde fast på forma. Så får det våge seg i kveld og.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *