Fredagsprogram 1. februar 2013

Share

Program fredag 1 februar
Ansvarleg Ronny Stavsholt
Teknikar Kåre Rike
Telefonvakter Ingebjørg Helle Haugen og Torbjørg Hoftuft

18.00 Aktuell time
19.00 Tankar frå Bibelen. Bjørgulv T Berg
19.30 Regionrådet informerer
20.00 Ronnys time. Arrangørane av Damenes Aften kjem i studio.
21.00 Opi sending med rebusar og musikk. Telefon 379 37 577

Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
Programinformasjon på http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Bedehus i Evje og Hornnes

Share

I går hadde eg avtalt med Erik Kjebekk at vi kunne ha ein prat om Bedehus i Evje og Hornnes i sendinga mi i Valle Radio. Erik har skrive ein artikkel om dette på lokalhistoriewiki, sjå http://lokalhistoriewiki.no/index.php/Bedehus_i_Evje_og_Hornnes

Den halvtimen frå 19.30 til 20 gjekk fort, og gav oss eit innblikk i korleis dei fem bedehusa i Evje og Hornnes kommune hadde blitt til og litt om utviklinga i tida etter. Vi snakka og litt generelt om bedehus, om at det eldste bedehuset i Norge truleg vart bygd ganske tidleg på 1800-talet. Men det var tidleg på 1900-talet det blømde i Evje og Hornnes, som då var to kommunar. Det eldste huset ligg i Evje sentrum og vart bygd i 1904, så kom Hornnes bedehus året etter, det er i dag det største bedehuset i kommunen. Året etter det igjen kom Moi bedehus, så bygdene reiste tre bedehus på tre år. I 1916 kom Flatebygd bedehus, der var det stor aktivitet då Erik Kjebekk, som bur i Flatebygd, vaks opp, men det har gått noko tilbake no. Siste bedehuset kom 20 år etter dette att, det ligg i Krossen.

Mange stader diskuterer ein om ein skal ta vare på gamle hus eller slå saman verksemd på fleire hus. Kommunikasjonane i dag er heilt annleis enn før. På det meste var det kan hende godt over 2000 bedehus i Norge, no reknar ein med at det er aktivitet på ein stad mellom 1500 og 2000, trudde Erik Kjebekk. Husa i Evje og Hornnes kommune er framleis i bruk, Tryggheim bedehus i Evje sentrum har stor aktivitet. Der har det vore diskutert om ein skulle bygge nytt hus utanom sentrum, det er ganske trongt der huset står i dag. Hornnes bedehus er ofte nytta til bryllup i tillegg til den vanlege bruken, og Moi bedehus på Moisund har og stor aktivitet. Dei husa med minst aktivitet er nok i Flatebygd og Krossen, trudde Erik Kjebekk. Men i tillegg til desse husa er det og kome Blå Kors-hus på Evje, der er det speiding og sundagsskule, mellom anna.

Bedehusa har hatt ein viktig funksjon i kulturliv og kristenliv i bygdene våre, slik har det og vore i Evje og Hornnes.

Kyrkja må møte menneske med omsorg

Share

Det var biskop Stein Reinertsen som sa dette i Møteplassen i kveld. Bakgrunnen for dette var nok saka som han møtte før han vart biskop, då det kom fram at han ikkje ville vigsle fråskilde. Han meinte at ein må oppleve ein slik storm for å forstå, akkurat som ein ikkje kan vite på førehand korleis det er å få barn, som han sa.

Intervjuet i Møteplassen gav han høve til å seie meir om bakgrunn og samanheng enn ein til vanleg får, for Møteplassen varer ein halv time, medan ofte er intervju bare eit par minutt. Biskop Stein brukte tida godt og fekk fram mykje om bakgrunn og om tilhøve som hadde påverka han gjennom livet. -Ein lærer gjennom møte med mennske, gjennom det ein les og det ein erfarer, sa han og fortalde korleis han hadde fått impulsar frå stader han hadde budd og arbeid han hadde hatt.

Han har arbeidd mykje med å integrere nye landsmenn inn i kyrkje og kyrkjeliv. Han meiner at folk som kjem frå andre samanhengar kan lære oss mykje, dei som blir forfylgd for trua si, kan syne kor mykje trua betyr for oss. Evangeliet har vi fått for å bringe vidare, det er ikkje noko ein skal ha for seg sjølv, og ein sunn kyrkjelyd bør ha gode relasjonar til misjonsorganisasjonane.

Trua er ein relasjon til Gud og er grunnleggjande for oss. Bærebjelken i trua vår er tilgjeving. Det som ofte løyser opp når det er vanskeleg, er orda Kan du tilgje meg?

Guds nåde formar oss, å oppleve at ein er tilgjeven er grunnleggjande for livet.

Sendinga tysdag 29. januar

Share

Tysdag 29. januar
Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Sangkveld
19.30 Bedehusa i Evje og Hornnes. Erik Kjebekk fortel
20.00 Møteplassen. Gjest er biskop Stein Reinertsen
20.30 Postludium
21.00 Kyrkjebakken

Inga onsdagssending denne veka. Valle Radio sender til heile dalen fredagskvelden.

* Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
* Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
* Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
* Programinformasjon på http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Erik Kjebekk i Valle Radio

I sendinga i Valle Radio tysdag 29. januar 2013 kan du høyre Erik Kjebekk fortelje om Bedehusa i Evje og Hornnes. Han har studert dette emnet, og som den lokalhistorikaren han er, går han grundig til verks. Han set bedehusa inn i ein større samanheng og vil fortelje generelt om bedehus i Norge og utviklinga i bruken av dei. Og så vil vi få høyre litt om utviklinga av bedehusa i Nedre Setesdal. Høyr på Valle Radio tysdag klokka 19.30. Valle Radio sender til heile Setesdal no, og i Evje og Hornnes og Bygland går sendinga på Radio Evje sitt sendarnett.

Slektsgransking

Share

I dag sat eg og såg på Lynn Anderson som kom til Norge og fekk møte tremenningar og firmenningar i Drangedal og Aremark. I Drangedal dukka det opp ein setesdalsbunad og eg lurte på kven det var som hadde den. Så gjekk eg inn på Facebook, og der hadde spørsmålet alt vore framme. Doktor Hallvard Mosdøl stadfesta at han hadde vore der.

Eg likar dei programma til Tore, han syner vanlege folk samanhengar som vi knapt visste kunne finnast. Eit anna program er Hvem tror du at du er, der er det meir kjende folk som rotar i slekta for å finne svar på spørsmål dei har hatt. Det syner seg, som Hanne Krogh sa i programmet eg såg i reprise på NRK2 i dag, at vanlege folks liv og historie kan vere like spennande som ein roman.

Denne veka var eg på biblioteket og lånte eit par bøker av Victoria Hislop. Ho lagar roman ut av historie, og ho gjer det så godt at det vert spennande. Siste boka hennar, Tråden, fortel om Tessaloniki i det 20. hundreåret, og syner ei brutal historie som byen der i skjæringspunktet mellom tre religionar har gått gjennom. Å få dette fram gjennom å fortelje slektsthistoria til ein familie er godt gjort.

Slektskransking kan vere årstal og datoar, men bak desse gøymer det seg levd liv. Eg hugsar då vi starta med slektsgransking for ei grein av Reidun si slekt og fann ut at ein av forfedrane hennar hadde site i fangeskap i prisonen i England under Napoleonskrigane. Det egga fantasien, men det var ikkje så mykje eg fann, sjølv om eg leita ein del for å finne meir. Mykje vil ligge gøymt i alle familiesoger, men å rote litt i det, er interessant og gjev godt grunnlag for forståing og innsikt.

Når eg ser tilhøva som folk har levd under, er eg takksam for å ha fått leve eit godt liv i mi tid. Medkjensla går til dei som misser sine i ulukker og brå død, det set sår som tek lang tid for å gro og som ofte seg att arr som kan prege i lang tid.

Gratulerer, Fjellfolk

Share

I kveld hadde eg tenkt å sjå på programmet der Fjellfolk skulle spele på NRK1. Men så fekk eg ein telefon og måtte skru av TV, og då eg sette på igjen, var programmet kome til song nr. 6. Eg visste at Fjellfolk var nr. 5 og tenkte at då fekk eg neppe høyre melodien, men eg sende no ein stemme likevel.

Stor var gleda då dei las opp at Fjellfolk vart nr. 2, og programmet var lagt opp slik at vi fekk høyre sangen om att. Sangen var annleis enn dei andre, og etter mi meining betre, så det var eit kvalitetsteikn at gruppa gjekk vidare.

På Setesdalswiki har eg fått på plass ein artikkel om gruppa, der er videodagboka deira og med. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Fjellfolk

Eg har og skrive artiklar om musikarane, i går fekk eg på plass ein liten artikkel om Helga, Trym og Tor hadde eg frå før. Enno har eg ikkje fått laga artikkelen om sangen Ulvetua, men det bør eg prøve å få til etter kvart.

Gleda var stor i Øvre Setesdal då resultatet vart kjent. På Hovden fylgde dei programmet på storskjerm i grendehuset, og dei som ikkje var der, og som visste at Fjellfolk skulle vere med, såg nok programmet heime. Då resultatet var klart, kom det mange gratulasjonar til Fjellfolk si Faceboo-side.

Eg har hatt gleda av å ha Trym med i Valle Radio. Då spelte han akustisk gitar og song frå radiostudioet ein tysdagskveld. Det var eit koseleg besøk.

No er det bare å vone at dei gjer det godt i Oslo og at effekten av deltakinga kan gje seriøse musikarar oppdrag og inntekter i tida som kjem.

Citroen C5

Share

I denne kuldeperioden er det nokre som har sagt meg at Citroen ikkje er så gode i kulda, dei er laga for varmare himmelstrøk. Men når C5 fungerer, er han ein fryd å kjøre, så eg har no tenkt at eg ville halde på det merket.

Då eg starta bilen i dag, var ikkje alt som det skulle vere. Han sveiv, men ikkje meir enn han måtte, og sjølv om eg let han bli god og varm før eg starta kjøre, fekk eg ikkje turtal. Bilen var begynt å trekke på åra og hadde gått mest 200.000 km, så eg svinga nord til Valle Bil og Maskin for å høyre om Henry Viki kunne hjelpe eg. Det kunne han, en det tok litt tid før han fann ut av problemet. Snart rulla eg nedover dalen på turre, kalde vegar.

Då eg kom mest til Mandal, mista eg servo, og då er det ikkje så behageleg å køyre ein Citroen, så eg rulla bort til forhandlaren i Mandal.

-Vil du selje meg ein ny C5? spurde eg. Helst ville eg bare setje frå meg den gamle og køyre heim med ein ny.
-Då må det bli på prøveskilt, sa han, for så seint på dagen klarar eg ikkje å setje på nye skilt.
-Greit nok for meg, eg kan kome innom på mandag og få faste skilt, sa eg.

Så venta eg ein time medan bilen fekk på seg vinterhjul, og no står ein ny C5 utanfor huset mitt. Turen oppover Setesdal måndag vil nok gå om lag på same måten som då eg kom nedover, men lommeboka vil nok vere betydeleg slankare i tida framover enn ho har vore dei siste månadene.

Eg trur nok at bilseljaren var nøgd i kveld, sjølv om han måtte jobbe ein time overtid. Bilen eg fekk, hadde ein annan vore inne og sett på, så det stod SOLGT på ein plakat. Men det var tre veker sidan, og ingenting skriftleg var avtalt, så han tenkte nok at det er betre å selje i dag og så heller løyse eventuelle problem i neste veke enn å late bilen stå til utstilling utan at han som ville ha den, kom og henta den.

Men eg var i grunnen vel nøgd, eg og. Eg har i grunnen sagt at eg skulle handle min neste bil hos Oddvar Moy, slik eg har gjort med dei siste. Men han har ikkje lenger annonse hos Valle Radio, han måtte visst ut av dei lokala han hadde i Kristiansad, kan hende handlar han ikkje særleg mykje no lenger, så eg valde å få meg ein Citroen C5 att, hjå merkeforhandlaren i Mandal denne gongen.

Fjellfolk

Share

I går vart det klart at Fjellfolk http://www.setesdalswiki.no/wiki/Fjellfolk skal vere med i Melodi Grand Prix frå Florø til laurdag. I dag måtte eg utvide artikkelen noko, og besøkstalet på artikkelen har gått opp. Bare i kveld har det stige frå 32 til 46 visningar, og truleg vil det auke utover i veka, kan hende ganske mykje når laurdagen kjem.

Trym Bjønnes er gitarist i Fjellfolk, og eg hadde gleda av å ha han med i Valle Radio då han gav ut plata si i fjor. Då spelte han akustisk i studio og fortalde om livet som musikar. Han har med seg Tor Hoslemo på hardingfele og Helga Jacobsen på vokal, og melodien heiter Ulvetua. Det vert spennande å sjå korleis dei klarar seg i MGP-sirkuset, men uansett korleis det går, så er det eit godt høve å få synt kva gruppa står for. Det er nok mange i Setesdal som vil sende ei stemme eller to laurdagskvelden.

Lukke til, alle saman.

Program for veke 4

Share

22. januar
Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Sangkveld
19.30 Nytt frå kyrkje- og kristenliv
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland: Klangportrett av Klais-orgelet i Limburger Dom
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 23. januar
Ansvarleg: Bjørgulv T. Berg
Teknikar: Torhild Sandnes
Telefonvakter frå klokka 20.30: Ingunn og Ingebjørg

18.00 Aktuell time
19.00 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad
19.30 Kommunen informerer ved Elise Marie Kringen
20.00 Bjørgulvs time med gjester
21.00 Opi sending ved Jorunn og Kåre. Telefon 379 37577

Post kan sendast til post@valleradio.com
Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
Programinformasjon på http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Saltvasskøyring

Share

Fredag då eg reiste til Mandal, stoppa eg på Evje og nytta meg av det gode vaskeanlegget dei har på YX-stasjonen der. Saman med ein kopp kaffe og ei avis, gjekk den vaskeprosessen ganske så lett, og glad og fegen sette eg kursen sørover. Denne gongen skulle eg hente folk på Marnardal stasjon, svigerson og tre barnebarn hadde funne ut at dei ville på vinterbesøk til oss. Difor svinga eg av frå Rv9 på Hægeland, tok turen over til Bjelland og snart var eg på Marnardal. Der har dei fått ny og fin stasjon, og etter at eg hadde venta ei lita stund, kom toget. Det stoppar ikkje lenge, mest før eg fekk auga på dei eg skulle ha med meg, var det på tur vidare, og etter at vi hadde fått bagasjen inn i bilen, rulla også vi vidare.

Sundag skulle dei reise att, og då venta ein tur på E39 til Kristiansand og Kjevik. Temperaturen var stige frå minus 13 til minus 2 denne sundagen, så saltet på vegen gjorde han fuktig og eg måtte etter kvart bruke spyleveske. Då eg måndag morgon la i veg oppover Setesdal, var det seks kalde grader og eg hamna bak bilar som gav meg fine saltdråpar meir enn ein gong. Eg burde nok ha vaska bilen då eg kom til Evje, men om saltet hadde same konsistens oppover dalen, ville det vere nokså fånyttes, så eg let det vere, bare for å kome til Valle måndag morgon i ein nokså kvit bil. Så det er vel bare å få han vaska att snarast råd.

Når eg les i gamle aviser, ser eg av og til at folk tek til orde mot saltet. Eg skjønar dei. I fjor hadde eg vel utgifter på meir enn ti tusen kroner på grunn av at saltet hadde tært opp bremsesystemet i bilen, så eg måtte skifte viktige deler. Den stunda det stod på, måtte eg ha leigebil, så det vart ganske så dyrt. Og då eg snakka med folk om det, kunne dei fortelje liknande historier. Det verkar som om saltet tærer mykje på bilparken.

Men det er jo komfortabelt å køyre på svart asfalt, så vi får vel heller leve med det. Og så ha bilen innom vaskehall rett som det er.