Sport heile dagen og halve natta

Share
Amerikansk fotball

Ein kan seie kva ein vil om NRK, men vintersport er dei gode på. Handball og fotball er vel heller TV2 sitt område, men når det gjeld ski og hopp og kva elles ein kan gjere med ski på beina, då vinn NRK. Så får det våge seg at norske utøvarar ikkje alltid vinn, som i dag, då vi sat i stovene rundt om i landet og trudde vi skulle få norske vinnarar, men det var vel bare kombinertgutta som greidde det.

Sjølv prøver eg å få med meg snooker og. Der har det dene helga vore turnering i München, og ein norsk spelar, Kurt Maflin, har vore med og gjort det sterkt. Snooker er ein sport eg likar vel så godt som skisport. Det er lite lyd, så ein kan sitje nokså fredeleg og kanskje til og med ta ein dupp medan spelarane lurer på korleis dei skal få kulene ned i hola på beste måte eller hindre motstandaren å få det til.

På mange av dei andre sportsarrangementa kan ein late seg imponere av talet på tilskodarar, anten det er i hopp-bakken eller i skiløypene. I Hoppuka har det vore over 20.000 på tribunen og eit yrande leven. Arenaen i Oberhof der skiskyttarane har vore, er ikke særleg dårlegare på leven og folk. Og Tour de Ski har sitt publikum. Det er sikkert morosamt for utøvarane når det er heksegryte på tribunen, men det er etter mi meining mest i overkant.

Ein annan idrett med mange folk på tribunen er amerikansk fotball, som eg finn på ein av kanalane på TV. Der kan ein late seg imponere av cheer-leaders som smiler same korleis veret er og same korleis det går for eige lag. Men når det gjeld tribuneaktiviteten, tek musikkorpsa verkeleg førsteplassen. Kor mange trommer og cymbalar ein må ha for å ha eit godt korps i USAs college football, det veit ikkje eg, men det må vere skrekkeleg mange.

Problemet med College Foot Ball er at live-sendingane startar klokka to på natta, og går til klokka seks, så anten må ein vere pensjonist eller så må ein ha joleferie. Det er ikkje noko når ein skal på jobb neste morgon. Så får ein heller få med seg ein reprise eller to, fascinerande er det å sjå på i alle fall.

Oppdatering

Share

Plan for våren måtte oppdaterast, for i det oversynet som var lagt ut først, var ikkje lista over dei som skulle vere med frå Valle kommune komen med. Det var og nokre justeringar på kven som skulle vere teknikarar. No er det på plass, og du kan sjå oversynet på http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radio_program_v%C3%A5ren_2013

Eg har fått gleda av å starte opp, og vonar at det skal bli litt av kvart som du kan ha glede av å høyre når vi kjem på lufta. Tysdag klokka 19.30 er det klart for ein prat med Ove Berrefjord, han reiste frå Valle det året Valle Radio vart starta, og det er no 15 år sidan, så mykje har skjedd både i Valle og i livet hans på desse åra. Eg gleder meg til den praten, det vil absolutt vere ei oppdatering i det programmet.

Ved eit årsskifte er det fort gjort å skrive feil årstal i den fyrste tida. Men det er vel bare å oppdatere den mentale kalenderen. No skriv vi 2013. Det er stemmerettsjubileum dette året og etter det eg kan lese i Setesdølen, har Valle kommune 40.000 kroner som lag og foreningar kan søke om støtte for å markere denne hendinga. Så då er det bare å prøve å finne ei form på eit arrangement og så søke pengar for å realisere det i året som ligg framom. Kan hende det kan hjelpe på ei oppdatering av kunnskap og perspektiv for nokon kvar.