Bedehus i Evje og Hornnes

Share

I går hadde eg avtalt med Erik Kjebekk at vi kunne ha ein prat om Bedehus i Evje og Hornnes i sendinga mi i Valle Radio. Erik har skrive ein artikkel om dette på lokalhistoriewiki, sjå http://lokalhistoriewiki.no/index.php/Bedehus_i_Evje_og_Hornnes

Den halvtimen frå 19.30 til 20 gjekk fort, og gav oss eit innblikk i korleis dei fem bedehusa i Evje og Hornnes kommune hadde blitt til og litt om utviklinga i tida etter. Vi snakka og litt generelt om bedehus, om at det eldste bedehuset i Norge truleg vart bygd ganske tidleg på 1800-talet. Men det var tidleg på 1900-talet det blømde i Evje og Hornnes, som då var to kommunar. Det eldste huset ligg i Evje sentrum og vart bygd i 1904, så kom Hornnes bedehus året etter, det er i dag det største bedehuset i kommunen. Året etter det igjen kom Moi bedehus, så bygdene reiste tre bedehus på tre år. I 1916 kom Flatebygd bedehus, der var det stor aktivitet då Erik Kjebekk, som bur i Flatebygd, vaks opp, men det har gått noko tilbake no. Siste bedehuset kom 20 år etter dette att, det ligg i Krossen.

Mange stader diskuterer ein om ein skal ta vare på gamle hus eller slå saman verksemd på fleire hus. Kommunikasjonane i dag er heilt annleis enn før. På det meste var det kan hende godt over 2000 bedehus i Norge, no reknar ein med at det er aktivitet på ein stad mellom 1500 og 2000, trudde Erik Kjebekk. Husa i Evje og Hornnes kommune er framleis i bruk, Tryggheim bedehus i Evje sentrum har stor aktivitet. Der har det vore diskutert om ein skulle bygge nytt hus utanom sentrum, det er ganske trongt der huset står i dag. Hornnes bedehus er ofte nytta til bryllup i tillegg til den vanlege bruken, og Moi bedehus på Moisund har og stor aktivitet. Dei husa med minst aktivitet er nok i Flatebygd og Krossen, trudde Erik Kjebekk. Men i tillegg til desse husa er det og kome Blå Kors-hus på Evje, der er det speiding og sundagsskule, mellom anna.

Bedehusa har hatt ein viktig funksjon i kulturliv og kristenliv i bygdene våre, slik har det og vore i Evje og Hornnes.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *