Blogging og anna skriving

Share

Eg har skrive blogg sidan 2005, det har blitt over tusen blogginnlegg, i fjor var det minste eg har hatt noko år, bare vel to hundre. Det som karakteriserer blogginnlegg, er vel at dei høver for dagen i dag, men sjeldan for å lese særleg mange dagar etter at dei er skrivne.

Mi skriving er helst for det aktuelle, eg sit ikkje og filar på tekstar for å få dei spesielt gode og meiningsfulle. Dikta som eg skriv, er og tekstar som høver til eingongsbruk, etter at høvet dei var laga til, er borte, er dei nokså platte. Gjennom åra har eg vel bare skrive eit fåtal dikt som kunne ha varig verdi, dei skreiv eg i den tida eg var redaktør av Fiskerens Venn og av og til trong litt meir tidlaust stoff der.

Mi skriving har helst vore journalistisk, i alle fall fram til eg starta å skrive på Wikipedia. Smått om senn lærte eg meg å skrive leksikalsk, og etter at eg starta Setesdalswiki, har eg jo hatt høve til å skrive leksikalsk om lokale tilhøve i Setesdal. På Wikipedia har vi noko som kallast anbefalt artikkel og utvald artikkel. Til no har ingen av mine artiklar vore i nærleiken av det nivået, eg skriv nokså kort og ikkje så grundig som slike artikar er tenkt å vere. Det synest eg er heilt greitt, vi er ulike, og medan nokre likar den eine forma, likar andre ei anna form.

Av og til kunne eg nok hatt lyst til å skrive noveller eller forteljingar, til og med romanar. Det hadde vore fint å få ein roman utgjeven på eit forlag. Men eg trur ikkje fantasien min held til eit slikt føremål, sjølv om eg likar å lese romanar, til og med tykke bøker, vil ikkje det seie at eg meistrar skriving av noko slikt, trur eg.

Så eg trur eg får halde meg til min lest, ein tekst skriven for å lesast i ein eller annan situasjon og det var det. Leksikontekstane i Setesdalswiki vonar eg held litt lenger enn bloggtekstane mine. Men eg er takksam for at du les det eg skriv. I kveld vart det ein tekst på den andre bloggen min og: http://valleradio.blogs.no/2013/01/02/det-kom-respons-15388802/

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *