Brokke Nord og Sør

Share

I Haralds time i går kveld hadde eg med meg kraftverksdirektør Reidar Ove Mork. Tema for samtalen var Brokke Nord og Sør, eit prosjekt som har hatt ei lang modningstid før det endeleg vart sett i verk. Han hadde sagt at han ikkje ville slutte før han hadde fått det prosjektet i hamn, men etter kvart hadde han mest ikkje trudd han skulle få det med seg.

Reidar Ove Mork kom til Setesdal i samband med utbygginga av kraft i dalen, selskapet han arbeidde for hadde fått eit oppdrag her. Han arbeidde med boligbygging i Oslo som sivilingeniør frå NTH, men vart med til Setesdal og vart verande her, sjølv om han ikkje hadde tunnelbygging og kraftverksteknologi i utdanninga si.

Brokke Nord og Sør er to utbyggingar, ei sør for Brokke kraftstasjon som skal leie tre bekker eller elver inn i tunnelen frå Farå og ned i kraftverket, den andre nord for Brokke, heilt nord i Bykle, der dei byggjer ein dam i Sarvsjuvet og fører fleire elever og bekkar til den og så har dei ein kraftstasjon, Skarg, som produserer kraft av vatnet før det går vidare til Brokke. Den største elva som vert ført inn i dette systemet, er Bjørnarå. Alt skal stå ferdig til vårflaumen i 2014, så sjølv om det er meir byrdefullt å byggje om vinteren, står dei på, det er 130 mann i arbeid der og 30 mann i arbeid i Brokke Sør. Jo fortare dei blir ferdige, jo fortare kan kraftverket tene pengar på investeringa på 900 millionar kroner. Det skal gje straum til 9000 boligar.

Mork fortalde levande om arbeidet med å kome så langt som dei er komne til no, tunnelane er store og mykje stein vert frakta ut og lagt i tipp, som grunneigarane og kommunen kan nytte om dei treng masse. Han var spesielt nøgd med at dei hadde kome fram til minnelege ordningar med alle grunneigarane på slike ting, men spørsmålet om erstatning for fallrettar sirkulerer enno i rettsalane, Høgsterett slit med å finne løysing på korleis ein skal vurdere dette. Det får vi ta når den tid kjem, sa han og fortalde at han hadde vore til stades på alle rettssakene, -det er interessant å høyre dei vurderingane som vert lagde til grunn.

Timen gjekk fort, vi var også innom krypsivproblema og spørsmålet om innfrysing, som ikkje vart noko av i år på grunn av vegbygginga ved Langeid. Så mykje tid til musikk vart det ikkje den timen, praten gjekk og klokka gjekk fort mot 21, då eg overlet mikrofonen til Ronny Stavsholt, som hadde Opi sending til heile Setesdal for første gong ein onsdagskveld.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *