Fem ordførarar i samtale

Share

I kveld hadde eg tre ordførarar med meg i studio i Valle Radio: Tarald Myrum i Valle og Leiv Rygg i Bygland. Mor til Leiv, Magnhild Rygg, som var einaste kvinne som har vore ordførar i Setesdal, var og med i samtalen, som i stor grad kom til å handle om Stemmerettsjubileet 2013. På telefonen var Bjørn Ropstad frå Evje og Hornnes kommune og Jon Rolf Næss frå Bykle kommune.

I Evje kommune, som då var eigen kommune, var dei først med å velje inn kvinne i kommunestyret. Det skjedde alt i 1916, men Bjørn hadde ikkje så mykje å seie om henne, anna enn at ho heitte Maren Blomkvist.

Neste kvinne kom i Hylestad, som og var eigen kommune før. Der vart Jorunn T. Harstad vald inn i 1946 som vararepresentant for AP. Men fordi den valde representanten, Aani Rysstad, vart vald inn på Stortinget, kom ho inn. Ho sat bare ein periode, og deretter måtte ein i Valle vente til 1967 før Åsta Møll kom inn i kommunestyret for KrF.

I Bygland kom første kvinne inn i kommunestyret i 1963. Det var Ingebjørg Almedal, fødd Lande. Magnhild Rygg kunne fortelje at ho var mormor til Gunstein Bakke, forfattaren.

I Bykle venta dei til 1968, då kom det to kvinner inn i kommunestyret, Margit Hoslemo og Gunhild Lyngtveit.

Tarald Myrum kunne fortelje ei historie om at det ikkje var lett å vere kvinne i Valle kommunestyre. Åsta Møll var noko plaga av røyken, som låg tett som skodde i romet der møta var. Ho hadde difor sagt «jeg dør av denne røyken». -Heve dei ikkje varamenn i Kristeleg Folkeparti, var kommentaren frå andre enden av romet.

Elles gjekk praten mellom dei fem om oppgåver i 2013. Næringsutvikling er ei viktig oppgåve, å sikre at Riksveg 9 får full uttelling i Nasjonal Transportplan er også svært viktig. Der lova dei å halde fullt trykk framover.

Magnhild fortalde at i hennar heile periode som ordførar, var dei fire kvinner og ein mann i formannskapet. Arna Bakke og Reidun Horverak var varaordførarar den perioden, og det skuldast ikkje noko kvinnekupp, det bare vart slik. Ho gjekk inn i mange oppgåver som hadde vore initiert av forgjengaren hennar, så det var ein travel periode på seks år ho var leiar i Bygland kommune.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *