Godt nytt år

Share

Så har vi starta på 2013. Bloggen tok juleferie i år, så i desember vart det få innlegg. Men så kjem eit nytt år med blanke ark og tastatur og då er det ikkje så lett å halde seg, så her kjem nokre linjer i kveld.

Eg sjekka i arkivet kor mange innlegg eg hadde skrive i 2012, og det var 216. Det er det lågaste talet på blogginnlegg på eit år sidan eg starta denne bloggen i oktober 2005. Enkelte år har eg vore oppe i meir enn 365, altså meir enn eitt til dagen i snitt. Om eg klarar det i 2013, tviler eg på, men eg vil no halde fram, anten her eller på den andre bloggen eg skriv, den som du finn på http://blog.setesdalswiki.no/ Men eg er nok ikkje så aktiv no som eg var, sjølv om eg har to bloggar å boltre meg på.

Takk for at du les det eg skriv. Om eg av og til skulle slumpe borti eit gullkorn eller to, hadde det vore koseleg med ein kommentar. Det kunne kanskje og verke inspirerande.

Då vi var samla før jul, snakka vi om at det ikkje gjer seg sjølv å kunne halde Valle Radio i gang med sendingar kvar veke. Men vi var samde om at vi ville prøve eit år til, det er meiningsfylt å lage lokalradio. Ikkje alle synest det er like lett å fylle den aktuelle timen, og å finne stoff til to timar ein onsdagskveld, kan vere vanskeleg. Men vi ville prøve. I vårsemesteret er planen at vi skal sende til heile dalen onsdagskveldane. Då vil vi og prøve å lage stoff som femnar vidare enn Valle. Difor vert det komande året spennande for å sjå kva vi kan få til. Tips til stoff tek vi imot med takk. Epost til meg kan du sende på harhaugl@gmail.com, om du har tips eller idear til stoff, så vil eg anten gjere noko sjølv eller tipse andre om det.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *