Kaos

Share

Det verkar som om snøfallet i dag førte til trafikk-kaos ved kysten. Lastebilar kom på tvers i Trysbakkane og mindre bilar sklei ut andre stader. Då eg i fem-tida i dag tidleg sette kursen mot Valle, var vegane der sør turre og nesten utan bilar, det er sjeldan mange ute på vegen før ein halv time seinare, så det gjekk nokså rakleg frå Mandal til Brennåsen. Opp gjennom Songdalen må det naturleg nok gå litt rolegare, der er det 60 km i timen det meste av vegen, og frå Stokkeland til Vehus er det glatt, men då eg kom over på Setesdalsvegen, var det turr veg der og.

Eg sat og tenkte på alle dei som køyrer slik kvar dag for at vi skal ha varer i butikkane og alt vi elles treng når vi treng det. Dei gjer ein stor jobb. Eg hadde fylt tanken sundagskvelden i Mandal, så ferda gjekk utan stans til Evje, der eg tanka opp kaffikoppen og fekk meg ein matpakke før eg fortsette ferda oppover Setesdal. Etter kvart vart det litt trafikk på Riksveg 9, men i grunnen var det ikkje før eg nærma meg Rysstad mellom sju og halv åtte at det var noko å tale om. Litt over halv åtte stoppa eg i Valle og tenkte at det hadde vore ein fin tur.

Øystein hadde nok meir oppleving av kaos, for då han kom heim sundagskvelden etter å ha vore ein tur til Kongsberg, var vatnet klaka, og vi er jo vane med at vatnet kjem når vi skrur på krana, så det var ikkje så koseleg. Måndagen måtte han til med varmeomn i kummen for å få tint opp røyret, og heldigvis lukkast han utan å måtte halde på så veldig lenge, så det ordna seg på ein god måte for han og.

Det skal i grunnen ikkje så mykje til før vi opplever noko som vi kallar kaos. Nokre bilar som kjører i grøfta eller noko av infrastrukturen som ikkje fungerer slik det pleier, så kjem kaos-ordet fort fram. Men vi ser på TV kvar dag at folk lever og fungerer sjølv om dei opplever langt større kaos enn vi i vår fredelege krok kan tru var mogleg å fungere under. Vi vender oss lit til at slik skal det vere og. Men vi kan nok fungere om kaoset er større enn vi til vanleg opplever. Så langt har eg ikkje hatt trong for nokon kaospilot, og godt er det.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *