Marknadsundersøking

Share

I kveld fekk eg ein telefon frå eit byrå som driv med marknadsundersøking. Normalt svarar eg nei på slike telefonar, men det var Valle Sparebank som var kunde og tema, og som kunde i banken kjende eg meg noko forplikta til å svare.

Slike undersøkingar har ofte ein skala på 1 til 10, der 1 er dårleg og 10 er godt. Men så er det nokre lurespørsmål som får omvendt skala. Om ein er litt smart, svarar ein fem på alt saman, då slepp ein å tenkje. Men når Valle Sparebank er emnet, så får ein skjerpe seg og svare rimeleg på spørsmåla, dei er jo hovudsponsor for Valle Radio, og i kvar sending seier Thor Åmli i reklamen deira at ein får ikkje noko betre enn Valle Sparebank. Når til og med Vidar banksjef lovar at han skal ut og sjå etter tennene i fontenen når han allikevel er innom i banken om kvelden, skjønar ein jo at det stemmer, ein får ikkje noko betre enn Valle Sparebank.

Eg har hatt Vidar Homme med i Valle Radio mange gonger, og han fortel at dei pleier å score godt på den marknadsundersøkinga, som dei gjer kvart år. Og når det gjeld banken vår, er det sikkert rett, men gruppa Terra, som dei jo er ein del av, vil eg tru får dårlegare score, dei selde jo produkt som gjorde at kommunar miste mykje pengar og framleis held på med rettssaker i USA for å prøve å få pengane tilbake.

Intervjuaren lurte på om eg hadde ein spesiell kontakt i banken, men eg sa at det hadde eg ikkje, eg opplever å verte godt ivareteken same kven eg snakkar med. I romjola hadde eg ein hyggeleg prat med Erling Sagneskar og fekk fiksa ekstra nedbetaling på lån, det var ei god løysing som eg var godt nøgd med, og sjølv om banken kanskje i det lange løp fekk mindre renteinntekter, var Erling svært hjelpsam for å ordne det eg hadde på hjarta.

Valle Sparebank er nok ikkje den billegaste banken for meg. Men eg har halde meg til banken og meiner at eg har hatt ein god bank dei åra eg har budd i Valle, og eg har ikkje planar om å bytte bank. Dette fortalde eg ho som var i andre enden av telefonlinja, og eg vonar at tala mine kjem med i oppsettet ho leverer når marknadsundersøkinga er slutt. Dei er nok anonyme, men truleg vil marknadsundersøkinga fortelje at kundene er godt nøgde med Valle Sparebank.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *