Saltvasskøyring

Share

Fredag då eg reiste til Mandal, stoppa eg på Evje og nytta meg av det gode vaskeanlegget dei har på YX-stasjonen der. Saman med ein kopp kaffe og ei avis, gjekk den vaskeprosessen ganske så lett, og glad og fegen sette eg kursen sørover. Denne gongen skulle eg hente folk på Marnardal stasjon, svigerson og tre barnebarn hadde funne ut at dei ville på vinterbesøk til oss. Difor svinga eg av frå Rv9 på Hægeland, tok turen over til Bjelland og snart var eg på Marnardal. Der har dei fått ny og fin stasjon, og etter at eg hadde venta ei lita stund, kom toget. Det stoppar ikkje lenge, mest før eg fekk auga på dei eg skulle ha med meg, var det på tur vidare, og etter at vi hadde fått bagasjen inn i bilen, rulla også vi vidare.

Sundag skulle dei reise att, og då venta ein tur på E39 til Kristiansand og Kjevik. Temperaturen var stige frå minus 13 til minus 2 denne sundagen, så saltet på vegen gjorde han fuktig og eg måtte etter kvart bruke spyleveske. Då eg måndag morgon la i veg oppover Setesdal, var det seks kalde grader og eg hamna bak bilar som gav meg fine saltdråpar meir enn ein gong. Eg burde nok ha vaska bilen då eg kom til Evje, men om saltet hadde same konsistens oppover dalen, ville det vere nokså fånyttes, så eg let det vere, bare for å kome til Valle måndag morgon i ein nokså kvit bil. Så det er vel bare å få han vaska att snarast råd.

Når eg les i gamle aviser, ser eg av og til at folk tek til orde mot saltet. Eg skjønar dei. I fjor hadde eg vel utgifter på meir enn ti tusen kroner på grunn av at saltet hadde tært opp bremsesystemet i bilen, så eg måtte skifte viktige deler. Den stunda det stod på, måtte eg ha leigebil, så det vart ganske så dyrt. Og då eg snakka med folk om det, kunne dei fortelje liknande historier. Det verkar som om saltet tærer mykje på bilparken.

Men det er jo komfortabelt å køyre på svart asfalt, så vi får vel heller leve med det. Og så ha bilen innom vaskehall rett som det er.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *