Slektsgransking

Share

I dag sat eg og såg på Lynn Anderson som kom til Norge og fekk møte tremenningar og firmenningar i Drangedal og Aremark. I Drangedal dukka det opp ein setesdalsbunad og eg lurte på kven det var som hadde den. Så gjekk eg inn på Facebook, og der hadde spørsmålet alt vore framme. Doktor Hallvard Mosdøl stadfesta at han hadde vore der.

Eg likar dei programma til Tore, han syner vanlege folk samanhengar som vi knapt visste kunne finnast. Eit anna program er Hvem tror du at du er, der er det meir kjende folk som rotar i slekta for å finne svar på spørsmål dei har hatt. Det syner seg, som Hanne Krogh sa i programmet eg såg i reprise på NRK2 i dag, at vanlege folks liv og historie kan vere like spennande som ein roman.

Denne veka var eg på biblioteket og lånte eit par bøker av Victoria Hislop. Ho lagar roman ut av historie, og ho gjer det så godt at det vert spennande. Siste boka hennar, Tråden, fortel om Tessaloniki i det 20. hundreåret, og syner ei brutal historie som byen der i skjæringspunktet mellom tre religionar har gått gjennom. Å få dette fram gjennom å fortelje slektsthistoria til ein familie er godt gjort.

Slektskransking kan vere årstal og datoar, men bak desse gøymer det seg levd liv. Eg hugsar då vi starta med slektsgransking for ei grein av Reidun si slekt og fann ut at ein av forfedrane hennar hadde site i fangeskap i prisonen i England under Napoleonskrigane. Det egga fantasien, men det var ikkje så mykje eg fann, sjølv om eg leita ein del for å finne meir. Mykje vil ligge gøymt i alle familiesoger, men å rote litt i det, er interessant og gjev godt grunnlag for forståing og innsikt.

Når eg ser tilhøva som folk har levd under, er eg takksam for å ha fått leve eit godt liv i mi tid. Medkjensla går til dei som misser sine i ulukker og brå død, det set sår som tek lang tid for å gro og som ofte seg att arr som kan prege i lang tid.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *