Utlada og opplada

Share

Etter å ha vore høgt oppe onsdagskvelden i Valle Radio, der eg først hadde samtale med fire noverande og ein tidlegare ordførar om kvinner i politikken i Setesdal og om voner for året som ligg framom oss, og der alle understreka kor viktig Riksveg 9 er for Setesdal, og derette hadde ein timelang prat med kraftverksdirektør Reidar Ove Mork om utbygginga av Brokke Nord og Brokke Sør, var eg temmeleg utlada både torsdag og fredag. Dette var to program som eg hadde lagt ned ein del planlegging i å få til, og eg følte at eg lukkast.

Ørnulf Hasla, som er styreleiar for Valle Radio, har nådegåve til å oppmuntre. Alt onsdagskvelden tikka det inn SMS om at det var gode program, og når eg skriv på Facebook om relevante ting, kjem det som oftast eit Liker-merke frå han. Eg skulle ønske at eg var like flink til å oppmuntre vener og medarbeidarar, for det gjer godt, ikkje minst når ein er noko utlada og lurer på kva ein skal finne som programinnslag neste gong ein har sending. Det er jo bare få dagar att, så er det ny tysdagssending, og scoopet med å få Ove Berrefjord til å snakke om Livsmestring kan ein jo ikkje repetere neste veke.

Men så syner det seg smått om senn at det går an å finne nytt stoff til neste veke. Ein les litt i aviser og bøker og får impulsar og tankar, og smått om senn formar det seg eit opplegg for ein ny kveld, kan hende vert han ikkje så god som sist veke, men noko finn ein å lage program om likevel. Så skriv eg programmet og sender det til avisa og legg det ut på bloggen og lagar programside på Setesdalswiki, og plutseleg er eg i gang att. Opplada og klar til ny sending.

Takk til dykk som ved gode ord og omtanke hjelper oss til å lage program i Valle Radio.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *