Varmt venterom

Share

Mange av dykk som les bloggen min, vart nok overraska over kåseriet mitt på Valle kommune sitt jolebord i desember 2012, der eg tok opp spørsmålet om buss-skur i Valle. Bakgrunnen var at nokre elevar som skulle til Evje og Arendal ein dag før jol, stod i ly for blåst og regn i inngangspartiet til Menighetshuset ein tidleg torsdagsmorgon og opplevde at bussen, som var litt sein den morgonen, køyrde rett gjennom sentrum utan å stoppe, for det var jo ikkje folk på haldeplassen.

I dag kom eg over eit lesarbrev som Ålaug Rosseland skreiv på moisund.com 22. februar 2010. Ho kommenterer situasjonen som vi hugsar frå nokre år tilbake då fylkesmannen ville nekte Evje og Hornnes kommune å regulere eit område på Moisund til bustadfelt fordi det oppmuntra til bilkøyring. Ho meiner at ei positiv vinkling i høve til dette ville vere å setje opp eit varmt venterom for folk som skulle ta bussen. Om ein buss-stopp er innbydande, vil fleire ta bussen. Sjølv pendlar ho til Kristiansand og set stor pris på varmt venterom med sykkelparkering på Evje. Slikt bør ein få fleire stader, meiner ho. Les heile innlegget hennar her: http://www.moisund.com/2010/02/22/lesarbrev-fra-alaug-rosseland/

Ålaug Rosseland er sivilarkitekt og arbeider som byplanleggar i Kristiansand kommune. Ho tenkjer meir kreativt enn eg, som er temmeleg bunden til bilen. Men Sentrumsplan for Valle bør ha plass for ikkje bare eit buss-skur, men eit varmt venterom for bussreisande, gjerne med råd for å få parkert sykkelen for dei som syklar til sentrum for å ta bussen. Ikkje minst vinterstid med mange minusgrader tilseier noko slikt. Då vil det å reise med buss verte eit meir reelt alternativ for folk som skal ein tur til Evje eller Arendal eller Kristiansand.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *