Skisport, nasjonalidrett og etnisk mangfold

Share

Overskrifta i kveld er tittelen på ein artikkel som Ånund Brottveit, Andreas Hompland og Olaf Ågedal skreiv i boka Ski-VM 2011 Planlegging og gjennomføring. Boka kom ut i 2012 på Akilles forlag. I boka er det diskutert ulike sider ved Ski-VM 2011, mellom anna altså eit prosjekt for å få folk som ikkje er etniske nordmenn til å vere med som frivillige funksjonærar i arrangementet. Dette prosjektet vart kalla Fellesstart, og forfattarane fekk støtte frå Fritt Ord for å forske på korleis prosjektet lukkast.

Konklusjonen deira er at det ikkje lukkast. Det var veldig få som ikkje var etniske nordmenn som vart med som dugnadsarbeidarar i arrangementet.

Truleg er det same erfaringa som er gjort rundt om i landet der dugnadsarbeid er på tapetet: Det er ikkje lett å få innvandrarar til å engasjere seg i dugnadsarbeid. I Valle skjer det gjennom sterk grad av tvang, for når det er eit stort arrangement i bygda, er det gjerne foreldrene til elevar i ungdomsskulen som stiller opp, og har innvandrarar barn i ungdomsskulen, så må dei stille opp, elles må dei betale. Tilbakemeldingar eg får etter at dei har vore med på slike arrangement, er at det var hyggeleg, interessant og at det hadde gått fint.

Men det er jo ikkje alltid like lett å få det til. Innvandrarane i Valle har ikkje bil og er derfor ikkje så mobile som dei etnisk norske foreldrene, men må avtale opplegg for kjøring både før og etter dugnaden. Når begge partar legg godviljen til, så fungerer det, også om innvandrarane ikkje har aktivitetane i ryggmargen, slik ein av og til kan tru etniske nordmenn har det.

I boka syner forfattarane korleis det å trekkje innvandrarar inn i dugnadsarbeid er ein del av eit større prosjekt for å integrere nye grupper i det norsk samfunnet sin dugnadskultur. Dei syner at det ikkje fungerte i Oslo i 2011 og at ein må ta andre grep om ein vil lukkast i eit framtidig arrangement. Ettersom eg les boka medan VM i Val de Fiemme går av stabelen, lurer eg på om det har vore noko element i arrangementet der, eller om det er profesjonalisert gjennom mange år med italienskfødde arrangørar. Det får eg nok ikkje vite.

Her er lenke til Setesdalswiki sin omtale av artikkelen: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Skisport,_nasjonalidrett_og_etnisk_mangfold

Jubel i målområdet

Share

I desse jubeldagar bør vel også eg skrive litt om jubelen i målområdet. Det var fascinerande å sjå gleda Therese Johaug synte då ho kom i mål i Val de Fiemme etter å ha gått 10 km fristil i dei tunge løypene der og ha slått Marit Bjørgen med meir enn ti sekund.

Dagens gull til Petter Northug jr. fekk eg ikkje sjå, men eg skjønar at det var glede også der.

Hendingane i går og i dag kom samstundes med at eg las ein artikkel om VM på ski 2011: Aagedal, O. Hompland, A., og Brottveit, Å.: Folkefestens arkitektur. I Hanstad, D.V. (red): (SKI-VM 2011 Planlegging og gjennomføring) Akilles forlag. Oslo. Du kan lese meir om boka her: http://akilles.no/bok/ski-vm-2011-planlegging-og-gjennomforing

Ånund Brottveit er ein valldøl som i lang tid, heilt frå 1991, har vore forskar på Diakonhjemmet Høgskole. I januar tok han doktorgrad, og frå 1. februar tok han til i ny jobb som forskningssjef på Kirkeforskning. Dei held til same staden som han har arbeidd i 20 år, så det var vel bare arbeidsgjevaren som var ny. Ånund er son til Augund og Ingebjørg Brottveit. Han hadde vel mange år i Arendalsområdet, så det var kanskje bare ungdomsskulen han fekk med seg frå Valle, før han som så mange andre valldølar reiste ut for å gå på skule, og sidan har det vel helst bare vore feriebesøk i heimbygda.

Artikkelen om Folkefestens arkitektur er interessant lesning. Her drøftar forfattarane korleis ein skaper folkefest med utgangspunkt i arbeidet med VM på ski i Oslo i 2011. Vi hugsar dei store folkemassane vi såg i TV-ruta denne perioden.

Dei peikar på at eitt av elementa som kan vere viktige, er at dei kongelege stør opp om arrangementet. I dette tilfellet var kronprinsen med i hovudkomiteen, men i tillegg var dei jo, som vanleg hadde eg nær sagt, tydeleg til stades under konkurransane. Og så fortel han om korleis Therese Johaug sprengte etiketten då ho helste på Kongen etter å ha vunne gull, jublande glad kasta ho seg om halsen på Kong Harald. Vi som såg det, hadde vel helst gløymt det to år etter, men då eg las det, hugsa eg det jo, og eg las det altså same dagen som ho på ny fekk gull og jublande sprella av glede i målområdet. Det blei vel ingen kongeklem i Val de Fiemme, men minnet om hendinga kan ein gjerne dele med kvarandre når skifolka våre atter ein gong skapar glede i heimane rundt om.

Ånund Brottveit har skrive om ulike tema, noko som kanskje ikkje er så unaturleg for ein sosialantropolog. Du kan lese meir om han på Setesdalswiki, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/%C3%85nund_Brottveit Eg vil presentere noko av det han har skrive her på bloggen utover våren.

Framleis telefontull

Share

Telefonen streika i kveld og. Det er ikkje så moro å lage radio når ein har avtalt med folk om å ringe dei, og så streikar telefonen. Det skjedde onsdag i vinterferien og det skjedde i kveld.

Onsdag i vinterferien hadde Bjørgulv avtalt å ringe til fleire folk i nyhetstimen. Men det var uråd å få telefonlinja inn på miksebordet, og då kjem ikkje vedkomande ut på lufta. Dei fiksa det, men så fall linja ut att, og då droppa dei heile sendinga, å lage radio utan telefonlinje er ikkje lett.

I dag hadde eg planlagt å ringe til Ruth Jeppestøl klokka 18.30. Ho skulle tale på eit møte på Elim Evje, og eg tenkte at eit lite innslag ein halv time før møtet kunne få nokon som høyrde på Valle Radio til å vurdere å gå på møtet. Ruth var sporty og ville stille opp. Vi prøvde fleire gonger, men det var uråd å kople saman, så vi måtte gje opp. Dermed måtte eg og gje opp å få snakke med Åse Rike om Kvinnenes internasjonale bønnedag som skal vere til fredag på Menighetshuset i Valle.

Eg sende epost til teknisk sjef Jørund Georg Jore og sa at eg hadde høyrt om problema onsdag i vinterferien og vona at dei var løyste no. Då eg ikkje fekk svar frå han, rekna eg med at det hadde ordna seg. Men det er klart at det ordnar seg ikkje utan at nokon fiksar det.

Eg har tidlegare stort sett laga programma på tysdagskveldane utan å bruke telefonen. Men i vår har det vore fleire gonger eg har ringt til folk og prata med dei om kristenliv og kyrkjeliv. Og når ein planlegg at noko fungerer og det ikkje fungerer, så er det frustrerande.

I morgon treng ein ikkje å ha dette på plass, for då skal alt sendast frå kommunestyresalen. Men neste veke er det nye sendingar der ein er avhengig av på bruke telefonen. Ein kan jo ikkje ha opi sending utan telefon. Dei som løyser rebusar kan ikkje kome i studio in persona og fortelje svaret, det er ikkje det som er radio.

Vi får vone at dei tekniske problemløysarane finn ut av problemet og fiksar det i løpet av veka, slik at det er i orden att neste veke.

Her er lenke til programmet: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Tysdagsprogram_i_Valle_Radio_20130226

Fare for å treffe elg

Share

«Stor fare for elgpåkjørsel i kveld» les eg på nettsidene til NRK Sørlandet, sjå http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/sorlandet/1.10926220 Grunnen skal vere at det er fullmåne og februar, noko som forsikringsselskapa har funne ut er ein dårleg kombinasjon.

Eg burde vel ikkje skrive dette før sola går ned og kvelden er omme, slik at eg ikkje risikerer å tabbe meg ut om eg kjører på ein elg i kveld. Men eg kjørte oppover til Valle i dag tidleg og såg den flotte fullmånen i vest og tenkte på visa av Gunnar Wennerberg:

Herre min Gud, vad den månen lyser,
se vilken glans utöver land och stad.
Himlen är klar och var stjärna myser
vänligt emot oss ner och vinkar glad.

Heldigvis gjekk turen utan uhell av noko slag, og månen sette meg meir i ein romantisk stemning enn i ein uhellssvanger stemning. I bakken opp frå Songdalen til Vehustoppen stod det ein rev på brøytekanten og såg meg kjøre forbi, og ved gokartbanen på Moisund hoppa ein hare over vegen. Eg tenkte på meldinga i avisa om at det var mange rådyr å sjå, men på denne turen såg eg ingen, og heldigvis møtte eg ikkje elgar heller.

Eg møtte ein elg like nord for Nomeland skule for eit par år sidan, han fekk spegelen min i hakeskjegget, men heldigvis snudde han, så det var bare spegelen som vart knust. Eg torer knapt tenke på konsekvensane om han ikkje hadde snudd og eg ikkje hadde klart å stoppe. Heldigvis var det like ved 60-sonen der, så farten var låg nok til at eg kunne stoppe. Eg varsla Knut H. Nomeland om det, men han såg ikkje nokon elg med vond mule, så truleg klarte han seg.

På ein annan tur oppover dalen møtte eg ein elg på Syrtveit, men den såg eg på lang avstand, og kunne stoppe i god tid. Den snudde også og sprang inn i skogen att.

No er det mange år sidan eg fekk eit rådyr i grillen på Kveste. Plutseleg hoppa to dyr opp frå vegkanten, eg hadde ingen sjanse til å stoppe, og det låg mykje hår att i grillen, men dyret sprang vidare og såg ut til å klare seg.

Eg har ikkje noko ønske om å få ein elg over panseret, ikkje eit rådyr heller. Og eg har vore heldig og unngått å drepe dyr på vegen. Om eg skulle køyre på eit dyr som vert liggjande hardt skadd, veit eg ikkje om eg ville få det til å avlive det, eg har korkje gevær eller kniv med meg i bilen. Ein får vel vone det beste: Å få sjå dyr i god avstand frå bilen, det kan vere ei fin oppleving.

Program for veke 9, 2013

Share

Tysdag 26. februar

Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Nytt frå kyrkje- og kristenliv
18.55 Bedehussang i Grenseland 2
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 27. februar

Teknikar: Jørund Georg Jore

18.00 Kommunestyremøte

Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
Programinformasjon på http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Kan det bli for mykje av det gode

Share

Eg såg på Facebook i dag at Inge Flåt stilte spørsmål om NRK sendte for mykje skisport på TV ein dag som dette. Om eg forstod han rett, kom folk seg ikkje ut på ski fordi det var så mykje å sjå på, og han meinte vel at ein kunne hoppa over repriser av gamle meritter frå 20 og 30 år tilbake.

Sjølv opplever eg vel og at det av og til vert for mykje av det gode i TV-ruta no. Men når det kjem medaljar på rekke og rad, så vert ein sitjande og glede seg over at det går godt for norske deltakarar, sjølv om ein vert noko TV-firkanta i augo av det.

På den andre sida er det jo betre med slike gladnyheter enn med deprimerande repriser på krig og opptøy, så eg synest nok helst at det er greitt med sporten, eg. I alle fall så lenge eg slepp å vere med sjølv, og det har eg jo heldigvis vore forskåna for til denne tid.

Når eg først er innom programpolitikken, kan eg jo og nemne at eg ikkje synest om å få drepande nyheter om att kvar time. Eg lurer mange gonger på om det ikkje hadde vore betre å tenke som så for media at om folk ikkje får med seg nyhetene vi sender denne gongen, så får det vere med det, for om ein time er det nye hendingar som fyller eteren. Om ein hadde sett av eit par sendingar til glade nyheter, trur eg ikkje det hadde øydelagt nyhetsbiletet heller. For vel er det mykje trist i verda, men treng Ola Normann vite om kvar bilbombe som går av i Pakistan, repetert i sending på sending utover dagen? Eg trur ikkje det.

Av og til kan ein vel mistenke media for å resirkulere drepande og deprimerande nyheter fordi dei ikkje gidd å leite fram gode nyheter. Det burde vere mogleg med dei ressursane ein har å finne nyheter som byggjer opp og ikkje bare fylle dei tre tilmålte minutta kvar time utover dagen med repriser av det ein har sagt før.

Valle Radio, som sender bygderadio ein gong i veka, har ikkje reprise på nyhetsstoffet, men prøver å finne gode nyheter som kan vere til glede for dei som høyrer på.

Setesdalsprisen 2013

Share

I dag var det ei kunngjering i Setesdølen som var spesielt viktig. No er det tid for å kome med forslag til kven som skal få Setesdalsprisen 2013.

Prisen kan gå til eigar/ leiar eller ei privat verksemd i Setesdal som over tid eller siste året har virka på ein særleg positiv og fortenestefull måte. Utmerkinga kan tildelast ut frå særleg innsats eller nådde resultat når det gjeld å ha
*skapt/sikra arbeidsplassar i regionen
*lønsemd og verdiskaping i regionen
*positiv merksemd, marknadsføring/sal på vegne av seg sjølv eller bransje
*vore banebrytande i høve utvikling
*annan måte utmerka seg på ein særleg positiv måte til beste for næringsliv i Setesdal

Juryen består av ordførarar, lokalt tiltaksapparat, Innovasjon Norge og Aust-Agder fylkeskommune. Frist for å sende inn forslag er 15. mars, og prisen vert som vanleg delt ut på Setesdalskonferansen. Den er i år 18.-19. april

Forslag kan ein sende til post@setesdal.no

Her er liste over kven som har fått prisen tidlegare: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesdalsprisen

Papiravis

Share

I går kom tala for opplag i norske aviser og kommentatorane seier at halvparten av nordmenn no les nyheter på nettet. Difor går opplaget på papiravisene ned. Men Setesdølen går mot trenden, avisa hadde ingen nedgang i 2012, tvert om, så auka avisa med eitt eksemplar og har no eit opplag på 4636 eksemplarer.

I dag hadde Bygland kommune ei melding på Facebook: Færre innbyggarar i Bygland, Valle og Bykle, sterk auke i Evje og Hornnes. Det er no 1207 byglendingar, 1277 valldølar og 929 byklarar medan 3556 bur i Evje og Hornnes. Summen av desse tala seier at det bur 6969 personar i Setesdal, som er nedslagsfeltet til Setesdølen.

No veit vi at avisa har abonnentar langt ut over Setesdal og redaktør Sigurd Haugsgjerd likar å seie at tala syner at han har meir enn 100% dekning i Bygland, han reknar då husstander og ikkje innbyggjarar, det er jo mest naturleg at kvar husstand har avisa, ikkje kvar innbyggjar.

For eit par veker sidan var det spørsmål på Facebook om ikkje Setesdølen hadde side der, men det har avisa ikkkje, og nettavisa er det og lenge sidan dei la ned. No legg dei bare ut eit foto av framsida når det kjem ny avis, skal du lese kva som står inni avisa, må du på bui om du ikkje er abonnent.

-Det er papiravisa som skaffar oss inntektene, seier Sigurd Haugsgjerd. Nettavis vil bare gje oss ekstra arbeid, og vi er få i redaksjonen, så det prioriterer vi ikkje.

Dei kan vel gjere det, for Setesdølen var einaste avisa i Aust-Agder som ikkje hadde nedgang, i Vest-Agder hadde bare Søgne og Songdalen Budstikke framgang, Fædrelandsvennen, som har satsa mykje på nettavis, hadde tilbakegang på 1163 papiraviser.

Men du finn som regel overskriftene i siste nummer av Setesdølen på Setesdalswiki seinast dagen etter at avisa kom ut, nokre gonger alt same dagen. Så om du er på reise, kan du så kva avisa skriv om på Setesdalswiki, takka vere det gode samarbeidet som er etablert der.

Telefonavlytting

Share

Eg måtte le då eg las radioprogrammet til Valle Radio for i dag. Der stod det at Bitte og Tobbi skulle stå for telefonavlyttinga.

Telefonavlytting er noko eg høyrer om når PST skal finne ut om brotsverk, men her skulle altså Bitte i Banken og Tobbi på lensmannskontoret stå for jobben i Valle Radio.

Om det var dette som gjorde at sendinga i kveld fekk så store tekniske problem at ho måtte avlysast, veit eg ikkje, men ein kan jo lure på det var det som av og til vert kalla tinga sin ibuande djevelskap som slo til. Rett nok har det vore mykje om PST i media denne veka, og Kjetil Stormark har hatt nokre dagar som ekspertkommentator i NRK, men at det skulle slå inn i Valle Radio var jo ikkje til å tru.

Så vart det altså inga sending i kveld, og dermed fekk du ikkje Bjørg Åkres forteljing frå turen til Kilimanjaro i reprise denne kvelden. Det vil sikkert bli høve ein seinare kveld. Andre planlagde innslag som var tekne opp, kan vel og kome seinare. Men noko av det som er aktuelt denne veka, vil jo ikkje vere naturleg å sende seinare. Slik er Valle Radio, ikkje mykje reprisestoff på denne kanalen.

Eg var sett opp til å ha opi sending i kveld, men hadde fått Jorunn Lund Harstad til å ta den i staden min, ettersom eg har vinterferie i Mandal denne veka. No fekk ho ikkje bruk for rebusane ho hadde laga til denne kvelden. Vonleg vil nokre av dei kunne brukast seinare.

Her er programmet som ikkje vart sendt:
Ansvarleg: Bjørgulv T. Berg
Teknikar: Kåre Rike
Telefonvakter frå 20.30: Ingebjørg Helle Haugen og Torbjørg Hoftuft

Program:
18.00 Aktuell time
19.00 Tankar frå Bibelen. Bjrgulv i samtale med Gunhild Aabel
19.30 Kommunen informerer. Torleif Homme i studio
20.00 Reprisetime: På tur til Kilimanjaro. Harald Haugland i samtale med Bjørg Åkre
21.00 Opi sending med Jorunn Lund Harstad

Ny ordførarartikkel

Share

Då eg i kveld kom innom Facebook, dukka det opp eit utklipp frå Agderposten med omtale av Dreng Brokka då han fylte 75 år. Den omtalen var stor nok til at eg kunne lage ein artikkel om han på Setesdalswiki. Der har eg ei liste over ordførarar i Valle kommune, og eg vil jo gjerne ha artiklar om dei, men har måtta smørje meg med tolmod, for kjeldegrunnlag for slike artiklar er ikkje så lett å finne. Av ordførarane etter kommunesamanslåinga manglar eg framleis artiklar om Pål Åmlid, Gudmund Åkre og Torjus J. Nomeland, og før samanslåinga er det og nokså tynt.

I vinterferien 2013 har eg då klart å få på plass artiklar om Gunnar T. Rysstad, som var ordførar i Hylestad og om Dreng Brokka, som var ordførar i Valle etter samanslåinga. Hans ordførartid fall saman med kraftutbyggingsperioden og var ein periode med sterk utbygging i offentlege tenester i kommunen. I artikkelen i Agderposten står det og at han var oppteken av å få veg til Sirdal. Den vegen kom ikkje før 10-15 år etter at Dreng Brokka hadde gjeve frå seg ordførarklubba, det var vel Pål Åmlid som fekk gleda av å sjå vegen opna. Det syner kor langsiktig perspektiv ein må ha i slike saker.

No ligg altså artikkelen om Dreng Brokka på Setesdalswiki. Om nokon kan hjelpe med stoff for å supplere den, vert eg sjølvsagt glad. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Dreng_Brokka