Ønskereprise

Share

Eg har fått spørsmål om det er råd å sende samtalen eg hadde med Bjørg Åkre i reprise. Bjørgulv hadde og fått det spørsmålet, og Bjørg ringte meg og sa at ho hadde fått fleire spørsmål om dette.

Eg sendte spørsmålet over til Jørund Georg, kan hende han kan gå inn i arkivet for 6. februar og finne opptaket, slik at Bjørgulv kan sende det komande onsdag. Av og til burde vi nok sende gode program i reprise, og samtalen med Bjørg var levande og interessant, ho var flink til å fortelje om turen sin.

Vi er ikkje så flinke til å sende repriser som NRK, dei har jo program i reprise heile dagen, eit innslag i Sørlandssendinga om morgonen kan godt kome att i sendinga om ettermiddagen, det skjer vel mest kvar dag, og dei har ein haug med journalistar til å lage program. Hos oss, der alt skjer på dugnad, er det sjeldan eit program vert sendt i reprise. Vi har visst ein programpolitikk som seier at om folk ikkje høyrer når vi har sending, kan dei ha det så godt, det er deira problem at dei går glipp av gode program i Valle Radio.

Så får vi sjå om Jørund Georg klarar å finne programmet med Bjørg, det var frå klokka 20 til 21 den 6. februar og om det kjem på lufta komande onsdag. Om Bjørgulv ikkje får sendt det, kan eg kanskje sende det ein tysdagskveld etter vinterferien.