Ny ordførarartikkel

Share

Då eg i kveld kom innom Facebook, dukka det opp eit utklipp frå Agderposten med omtale av Dreng Brokka då han fylte 75 år. Den omtalen var stor nok til at eg kunne lage ein artikkel om han på Setesdalswiki. Der har eg ei liste over ordførarar i Valle kommune, og eg vil jo gjerne ha artiklar om dei, men har måtta smørje meg med tolmod, for kjeldegrunnlag for slike artiklar er ikkje så lett å finne. Av ordførarane etter kommunesamanslåinga manglar eg framleis artiklar om Pål Åmlid, Gudmund Åkre og Torjus J. Nomeland, og før samanslåinga er det og nokså tynt.

I vinterferien 2013 har eg då klart å få på plass artiklar om Gunnar T. Rysstad, som var ordførar i Hylestad og om Dreng Brokka, som var ordførar i Valle etter samanslåinga. Hans ordførartid fall saman med kraftutbyggingsperioden og var ein periode med sterk utbygging i offentlege tenester i kommunen. I artikkelen i Agderposten står det og at han var oppteken av å få veg til Sirdal. Den vegen kom ikkje før 10-15 år etter at Dreng Brokka hadde gjeve frå seg ordførarklubba, det var vel Pål Åmlid som fekk gleda av å sjå vegen opna. Det syner kor langsiktig perspektiv ein må ha i slike saker.

No ligg altså artikkelen om Dreng Brokka på Setesdalswiki. Om nokon kan hjelpe med stoff for å supplere den, vert eg sjølvsagt glad. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Dreng_Brokka