Kan det bli for mykje av det gode

Share

Eg såg på Facebook i dag at Inge Flåt stilte spørsmål om NRK sendte for mykje skisport på TV ein dag som dette. Om eg forstod han rett, kom folk seg ikkje ut på ski fordi det var så mykje å sjå på, og han meinte vel at ein kunne hoppa over repriser av gamle meritter frå 20 og 30 år tilbake.

Sjølv opplever eg vel og at det av og til vert for mykje av det gode i TV-ruta no. Men når det kjem medaljar på rekke og rad, så vert ein sitjande og glede seg over at det går godt for norske deltakarar, sjølv om ein vert noko TV-firkanta i augo av det.

På den andre sida er det jo betre med slike gladnyheter enn med deprimerande repriser på krig og opptøy, så eg synest nok helst at det er greitt med sporten, eg. I alle fall så lenge eg slepp å vere med sjølv, og det har eg jo heldigvis vore forskåna for til denne tid.

Når eg først er innom programpolitikken, kan eg jo og nemne at eg ikkje synest om å få drepande nyheter om att kvar time. Eg lurer mange gonger på om det ikkje hadde vore betre å tenke som så for media at om folk ikkje får med seg nyhetene vi sender denne gongen, så får det vere med det, for om ein time er det nye hendingar som fyller eteren. Om ein hadde sett av eit par sendingar til glade nyheter, trur eg ikkje det hadde øydelagt nyhetsbiletet heller. For vel er det mykje trist i verda, men treng Ola Normann vite om kvar bilbombe som går av i Pakistan, repetert i sending på sending utover dagen? Eg trur ikkje det.

Av og til kan ein vel mistenke media for å resirkulere drepande og deprimerande nyheter fordi dei ikkje gidd å leite fram gode nyheter. Det burde vere mogleg med dei ressursane ein har å finne nyheter som byggjer opp og ikkje bare fylle dei tre tilmålte minutta kvar time utover dagen med repriser av det ein har sagt før.

Valle Radio, som sender bygderadio ein gong i veka, har ikkje reprise på nyhetsstoffet, men prøver å finne gode nyheter som kan vere til glede for dei som høyrer på.