Skisport, nasjonalidrett og etnisk mangfold

Share

Overskrifta i kveld er tittelen på ein artikkel som Ånund Brottveit, Andreas Hompland og Olaf Ågedal skreiv i boka Ski-VM 2011 Planlegging og gjennomføring. Boka kom ut i 2012 på Akilles forlag. I boka er det diskutert ulike sider ved Ski-VM 2011, mellom anna altså eit prosjekt for å få folk som ikkje er etniske nordmenn til å vere med som frivillige funksjonærar i arrangementet. Dette prosjektet vart kalla Fellesstart, og forfattarane fekk støtte frå Fritt Ord for å forske på korleis prosjektet lukkast.

Konklusjonen deira er at det ikkje lukkast. Det var veldig få som ikkje var etniske nordmenn som vart med som dugnadsarbeidarar i arrangementet.

Truleg er det same erfaringa som er gjort rundt om i landet der dugnadsarbeid er på tapetet: Det er ikkje lett å få innvandrarar til å engasjere seg i dugnadsarbeid. I Valle skjer det gjennom sterk grad av tvang, for når det er eit stort arrangement i bygda, er det gjerne foreldrene til elevar i ungdomsskulen som stiller opp, og har innvandrarar barn i ungdomsskulen, så må dei stille opp, elles må dei betale. Tilbakemeldingar eg får etter at dei har vore med på slike arrangement, er at det var hyggeleg, interessant og at det hadde gått fint.

Men det er jo ikkje alltid like lett å få det til. Innvandrarane i Valle har ikkje bil og er derfor ikkje så mobile som dei etnisk norske foreldrene, men må avtale opplegg for kjøring både før og etter dugnaden. Når begge partar legg godviljen til, så fungerer det, også om innvandrarane ikkje har aktivitetane i ryggmargen, slik ein av og til kan tru etniske nordmenn har det.

I boka syner forfattarane korleis det å trekkje innvandrarar inn i dugnadsarbeid er ein del av eit større prosjekt for å integrere nye grupper i det norsk samfunnet sin dugnadskultur. Dei syner at det ikkje fungerte i Oslo i 2011 og at ein må ta andre grep om ein vil lukkast i eit framtidig arrangement. Ettersom eg les boka medan VM i Val de Fiemme går av stabelen, lurer eg på om det har vore noko element i arrangementet der, eller om det er profesjonalisert gjennom mange år med italienskfødde arrangørar. Det får eg nok ikkje vite.

Her er lenke til Setesdalswiki sin omtale av artikkelen: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Skisport,_nasjonalidrett_og_etnisk_mangfold