Fare for å treffe elg

Share

«Stor fare for elgpåkjørsel i kveld» les eg på nettsidene til NRK Sørlandet, sjå http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/sorlandet/1.10926220 Grunnen skal vere at det er fullmåne og februar, noko som forsikringsselskapa har funne ut er ein dårleg kombinasjon.

Eg burde vel ikkje skrive dette før sola går ned og kvelden er omme, slik at eg ikkje risikerer å tabbe meg ut om eg kjører på ein elg i kveld. Men eg kjørte oppover til Valle i dag tidleg og såg den flotte fullmånen i vest og tenkte på visa av Gunnar Wennerberg:

Herre min Gud, vad den månen lyser,
se vilken glans utöver land och stad.
Himlen är klar och var stjärna myser
vänligt emot oss ner och vinkar glad.

Heldigvis gjekk turen utan uhell av noko slag, og månen sette meg meir i ein romantisk stemning enn i ein uhellssvanger stemning. I bakken opp frå Songdalen til Vehustoppen stod det ein rev på brøytekanten og såg meg kjøre forbi, og ved gokartbanen på Moisund hoppa ein hare over vegen. Eg tenkte på meldinga i avisa om at det var mange rådyr å sjå, men på denne turen såg eg ingen, og heldigvis møtte eg ikkje elgar heller.

Eg møtte ein elg like nord for Nomeland skule for eit par år sidan, han fekk spegelen min i hakeskjegget, men heldigvis snudde han, så det var bare spegelen som vart knust. Eg torer knapt tenke på konsekvensane om han ikkje hadde snudd og eg ikkje hadde klart å stoppe. Heldigvis var det like ved 60-sonen der, så farten var låg nok til at eg kunne stoppe. Eg varsla Knut H. Nomeland om det, men han såg ikkje nokon elg med vond mule, så truleg klarte han seg.

På ein annan tur oppover dalen møtte eg ein elg på Syrtveit, men den såg eg på lang avstand, og kunne stoppe i god tid. Den snudde også og sprang inn i skogen att.

No er det mange år sidan eg fekk eit rådyr i grillen på Kveste. Plutseleg hoppa to dyr opp frå vegkanten, eg hadde ingen sjanse til å stoppe, og det låg mykje hår att i grillen, men dyret sprang vidare og såg ut til å klare seg.

Eg har ikkje noko ønske om å få ein elg over panseret, ikkje eit rådyr heller. Og eg har vore heldig og unngått å drepe dyr på vegen. Om eg skulle køyre på eit dyr som vert liggjande hardt skadd, veit eg ikkje om eg ville få det til å avlive det, eg har korkje gevær eller kniv med meg i bilen. Ein får vel vone det beste: Å få sjå dyr i god avstand frå bilen, det kan vere ei fin oppleving.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *