I salmebok og på CD

Share

I helga skreiv eg på Setesdalswiki om plata Eisemo som gruppa Ugagn lanserte sist veke. Det som inspirerte meg var artikkel om plata i Setesdølen fredag. Spor 1 på plata har tekst av Gunnar T. Rysstad, og eg kom til å lese litt om diktaren, bonden, ordføraren og stortingsmannen. Det er artikkel om han på Wikipedia, og eg tenkte at artikkelen på Setesdalswiki bør vere noko meir enn det som står der. Då kom eg til å tenkje på at eg hadde boka som Olav Bø stod bak på Det norske samlaget i 1967, året han ville fylt 100 år. Boka heiter Hugsjå og inneheld dikt og prosa av mannen som vart fødd på Heimigard Rysstad og som dreiv gard på Straume.

I år 1900 publiserte han i Syn og Segn teksten Fager er jordi, nynorsk omsetjing av jolesalma Deilig er jorden. Den kom med i Nynorsk Salmebok og Inger Lise Stulien song den inn på plata Heim te jol i 2011. Året etter kom Anne Karin Kaasa si tolkning på plata Eg såg deg.

Også andre tekstar av Gunnar T. Rysstad er å høyre på plate. Sigrid B. Berg syng teksten Tore, mora Kirsten Bråten Berg hadde med teksten Vårliv på plata Min kvedarlund og Bjørgulv Straume har med eit par stev på kassetten Luftslaget. I alt har eg til no funne seks innspelingar av tekstar av Gunnar T. Rysstad. Agder Folkemusikkarkiv har fleire innspelingar, mellom anna med Birgit Rike Lund og ei innspeling med Tora Skomedal, som nyleg døydde, av I fjødd og finne. Endeleg har Bjørgulv Straume teke med 15 gamlestev frå Reiår unge på plata Frå ættt til ætt.

Det har vore interessant å lese om ein person som har prega Valle og Setesdal. Her er artikkelen eg skreiv om han: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Gunnar_T._Rysstad

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *