Jubel i målområdet

Share

I desse jubeldagar bør vel også eg skrive litt om jubelen i målområdet. Det var fascinerande å sjå gleda Therese Johaug synte då ho kom i mål i Val de Fiemme etter å ha gått 10 km fristil i dei tunge løypene der og ha slått Marit Bjørgen med meir enn ti sekund.

Dagens gull til Petter Northug jr. fekk eg ikkje sjå, men eg skjønar at det var glede også der.

Hendingane i går og i dag kom samstundes med at eg las ein artikkel om VM på ski 2011: Aagedal, O. Hompland, A., og Brottveit, Å.: Folkefestens arkitektur. I Hanstad, D.V. (red): (SKI-VM 2011 Planlegging og gjennomføring) Akilles forlag. Oslo. Du kan lese meir om boka her: http://akilles.no/bok/ski-vm-2011-planlegging-og-gjennomforing

Ånund Brottveit er ein valldøl som i lang tid, heilt frå 1991, har vore forskar på Diakonhjemmet Høgskole. I januar tok han doktorgrad, og frå 1. februar tok han til i ny jobb som forskningssjef på Kirkeforskning. Dei held til same staden som han har arbeidd i 20 år, så det var vel bare arbeidsgjevaren som var ny. Ånund er son til Augund og Ingebjørg Brottveit. Han hadde vel mange år i Arendalsområdet, så det var kanskje bare ungdomsskulen han fekk med seg frå Valle, før han som så mange andre valldølar reiste ut for å gå på skule, og sidan har det vel helst bare vore feriebesøk i heimbygda.

Artikkelen om Folkefestens arkitektur er interessant lesning. Her drøftar forfattarane korleis ein skaper folkefest med utgangspunkt i arbeidet med VM på ski i Oslo i 2011. Vi hugsar dei store folkemassane vi såg i TV-ruta denne perioden.

Dei peikar på at eitt av elementa som kan vere viktige, er at dei kongelege stør opp om arrangementet. I dette tilfellet var kronprinsen med i hovudkomiteen, men i tillegg var dei jo, som vanleg hadde eg nær sagt, tydeleg til stades under konkurransane. Og så fortel han om korleis Therese Johaug sprengte etiketten då ho helste på Kongen etter å ha vunne gull, jublande glad kasta ho seg om halsen på Kong Harald. Vi som såg det, hadde vel helst gløymt det to år etter, men då eg las det, hugsa eg det jo, og eg las det altså same dagen som ho på ny fekk gull og jublande sprella av glede i målområdet. Det blei vel ingen kongeklem i Val de Fiemme, men minnet om hendinga kan ein gjerne dele med kvarandre når skifolka våre atter ein gong skapar glede i heimane rundt om.

Ånund Brottveit har skrive om ulike tema, noko som kanskje ikkje er så unaturleg for ein sosialantropolog. Du kan lese meir om han på Setesdalswiki, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/%C3%85nund_Brottveit Eg vil presentere noko av det han har skrive her på bloggen utover våren.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *