Merkevarebygging

Share

I ettertid av finalen i MGP har eg tenkt mykje på det Bykle kommune gjorde då dei sette opp bussar til Oslo og let alle som ville, få vere med i festen. Eg trur det betydde meir for Bykle enn om Fjellfolk hadde kome til Malmö og fått ei plassering midt på treet, for her hadde Bykle kommune noko å samle seg rundt og identifisere seg med.

Til vanleg høyrer ein helst om skiparadiset på Hovden når det er tale om Bykle. Men her fekk kommunen profilert seg på noko heilt anna, på ei musikkgruppe som leverer kvalitet på høgaste nivå i sin sjanger og som ikkje er redde for å seie kor opphavet er, til og med sangen deira handla om det harde livet ein kunne ha i utkantane. Om det ikkje går på livet laust i våre dagar, så luskar framleis ulvar rundt i bygdene.

Også Valle står på for å profilere seg hos folk i regionen. I dag tidleg var kultursjef Torunn Charlotte Lund på Sørlandssendinga for å fortelje at kommunen vurderer om dei skal bygge nytt kulturhus og i alle fall må ein ruste opp dei husa ein har. Valle har ikkje tenkt å gje frå seg merkelappen kulturkommune.

Medan Torunn var på lufta fleire gonger i dag tidleg, sat 10. klasse på buss til Kristiansand for å få omvisning i NRK-huset på Tangen. Der har medarbeidarane i Valle Radio og fått omvisning. Etter ein runde i huset var det klart for finalen i Klasse-quizen, og sanneleg gjekk ikkje Valle-elevane, dei eg hadde med meg i studio onsdagskvelden, til topps i konkurranse med 11 rette svar. Stinta i Arendal klarte 10, så nivået var høgt denne gongen.

Gratulerer, Eirik Unneland, Gunn Hoftuft og Johan Homme!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *