Omdømme

Share

Omdømmebygging er blitt viktig for mange verksemder, til og med ein kommune. Ein kan oppleve at arbeid dei gjer for ein som vil busetje seg i kommunen, ikkje alltid vert motteeke. Slik opplevde eg noko av det rådmann Eivind Berg sa i Kommunen informerer-programmet i Valle Radio i går kveld.

Eivind Berg fortalde om ein som hadde kjøpt seg hus på Sandnes i Valle og hadde planar om å starte eit mikrobryggeri. Grunnen til at saka kom opp, var eit intervju i Setesdølen tysdag, der vedkomande var vel nøgd med hjelpa han hadde fått frå næringsetaten i Evje og Hornnes kommune, men ikkje nøgd med det Valle kommune hadde ytt. I intervjuet kom det og fram at det hadde vore eit sjokk for han at Riksveg 9 skulle leggjast om eller byggjast ut på Sandnes, noko som ville gå ut over eigedomen han hadde kjøpt seg. Rådmann Eivind Berg fortalde då at både han sjølv, næringssjefen og ordføraren hadde stått på for å finne løysing for å etablere verksemda i Valle, saka om vegen var det jo vanskelegare å gjere noko med. Likevel var nok konklusjonen at han som hadde tenkt å busetje seg i Valle, flytta og hadde med seg ei negativ oppleving frå Valle.

Det var ikkje så mykje å gjere med den saka no, men Eivind Berg hadde likevel nokre svært positive opplevingar å fortelje om. For det første ville han berømme dei som gjer ein stor jobb med å køyre opp skiløyper på Furestøyl og ved Bjørnevatn. Det løypetilbode vi har i kommunen for folk som vil gå på ski, er svært godt, fortalde han. Sjølv kom han rett frå skitur i Brokke for å vere med i radioen. I sendinga fortalde han og at Valle vert vurdert som unikt når det gjeld isklatring og at det nett no var 20 personer frå Newcastle som budde i kommunen i to veker for å drive med isklatring. -Det er noko vi kunne gjere meir ut av, meinte han. Han gledde seg og over at turistinformasjon no er heilårsopen i kombinasjon med frisørsalogen til Aamli klipperi som opna laurdag. Ørnulf hadde laga reportasje frå det som vart sendt i Aktuell time, og rådmannen gledde seg over at dette tiltaket kom i gang, til beste for situasjonen for dei som ville stelle seg på håret og turistar vinterstid.

Elles var rådmannen nøgd med at administrasjonen i 2012 hadde handsama om lag 250 saker innan bygging og frådeling, 95% av dei innanfor tidsfristane. I 2010 var det om lag 200 slike saker, så ein kunne vone at marknaden er på veg oppover att i Valle.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *