Respons

Share

I dag var eg innom på Joker før eg skulle dra til Mandal, og der møtte eg Svein Brokka.

-Du har hatt ei travel veke med radio, sa han.

Eg kunne jo ikkje vere uenig i det, for denne veka hadde eg radio både tysdag og onsdag.

Svein fortalde då at dei sat på kjøkkenet og høyrde på Valle Radio, for der var det best å få inn stasjonen.

-Det var interessant å høyre Egil Grandhagen. Eg skjøna at det var reprise, men eg hadde ikkje høyrt det før, sa han.

-Det vart sendt frå Norea i juni, men då hadde vi sommarferie, så det hadde ikkje vore i Valle Radio før, sa eg.

Eg tenkte at tysdagskvelden var det to Egil-ar i sendinga, for Egil Grindland hadde Over ein open Bibel, og han har vore i Oveinang mange gonger, så Svein kjenner han og godt.

-Og så var det morosamt å høyre om emissæren som ikkje visste kva for eit bedehus han skulle til, heldt Svein Brokka fram. -Då måtte eg le.

-Ja, han skulle til Hornnes, men trudde han skulle til Moisund, svara eg.

-Tenk at Knut Svein Dale rota slik, smilte Svein.

I dag såg eg i Setesdølen at Knut Svein skal til Moisund komande tysdag. Når ein har same opplegget annankvar tysdag på Moisund og Hornnes, kan ein nok surre litt. Han syner film om Matteus-evangeliet, den filmen fylgjer teksten i Bibelen kapittel for kapittel og dannar grunnlag for litt undervisning og samtale etter ein halvtime med film. I opplegget er det og kveldsmat, fortalde Knut Svein i sendinga tysdagskvelden.

Også for sendinga onsdagskvelden kom det mange tilbakemeldingar frå folk som hadde høyrt, ikkje minst samtalen eg hadde med Bjørg Åkre. Ho fekk SMS, eg fekk kommentarar på Facebook og IRL, som dei kallar det, In Real Life, i det verkelege livet.

Respons er godt å få. Eg likar å lage radio, og eg likar å få respons. Takk til dykk som høyrer på sendingane.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *