Sigbjørn Horverak

Share

Tysdagskvelden tok eg ein telefon til Sigbjørn Horverak og spurte om han ville seie litt om Formiddagstreff på Evje bedehus. Det var eit arrangement i går, onsdag, klokka 11.30, og eg hadde sett i Setesdølen at han skulle tale der.

Den gamle rektoren på Bygland skule, tidlegare ordførar i Bygland, er ikkje vanskeleg å be, og han fortalde at dei hadde slike treff ein gong i månaden og at det kom 25 til 30 personar på desse arrangementa. -Det er jo godt for pensjonistar å kome seg ut midt på dagen og sleppe mørke kveldar, sa han. Då eg lurte på om arrangementet kolliderte med middagen for pensjonistar som er vane med å ha den midt på dagen, meinte Sigbjørn Horverak at dei gode smørbrøda og godt lag på bedehuset nok vog opp for ein middag.

Sjølv likte han å vere aktuell når han var rundt som fritidspredikant. Denne dagen tenkte han å dele med folk eit brev han hadde fått frå Mali-misjonærane Halvorsen, som har teneste for Normisjon og som i den spente situasjonen det har vore i landet, har måtta halde seg i Senegal i periodar.

Sigbjørn Horverak har vore fritidsforkynnar det meste av sitt vaksne liv. Det starta då han var nyutdanna lærar på Bjørkelangen og aktiv i ungdomsarbeid der. Han var der i den tida ungdomsskulen vart innført her i landet, og no hadde han fått invitasjon til å kome tilbake dit og vere med å skrive ei bok om dette. Frå Bjørkelangen flytta familien til Greipstad, der engasjerte han seg og i ungdomsarbeid, og oppgåver som fritidspredikant tok ikkje slutt då dei flytta til Bygland. Den første tida i Bygland budde familien i Prestlidi, men så fekk han overta gard på Horverak etter ein onkel som var barnlaus, og sidan hadde dei budd der, fortalde han i samtalen vår.

Då eg spurde om han engasjerte seg ein del på Evje, kunne Sigbjørn Horverak fortelje at han budde dei første åra sine på Evje, han var fødd der. Far hans arbeidde i NSB og i 1944 flytta dei til Sørlandsbanen. Sidan kom far hans tilbake til Evje og var der heilt til jernbanen vart lagd ned. Men framleis tek han turen i Evje kyrkje på konsertar og elles på møte når det høver slik.

Det vart ein hyggeleg og aktuell samtale med ein av dei som er aktive for å halde i gang verksemd på bedehusa i Setesdal.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *