Til Kilimanjaro

Share

I kveld var eg så heldig at eg fekk med meg Bjørg Åkre til å fortelje om turen ho hadde til Kilimanjaro i starten av 2013. Det vart ein triveleg time i Valle Radio, for Bjørg var mest ikkje komen ned att, sjølv om det snart er ein månad sidan turen var slutt.

Ho slengde seg med då det vart ein ledig plass på ein tur som Ada Sofie Austegard hadde tala om då ho var i Valle i haust. Medan dei andre deltakarane hadde førebudd seg i nærare eitt år, fekk ho bare 14 dagar til å gjere seg klar, det var mest ikkje råd å få ta alle vaksinane ein gong. Ho raska med seg malariatablettar og vona det skulle gå bra. Eg kom ikkje så langt at eg fekk spørje henne om det gjekk bra i høve til sjukdomane.

For det gjekk jo bra i høve til å kome seg til toppen på verdas høgaste frittståande fjell. Dei fjella som er høgare, ligg i fjellkjedar, men Kilimanjaro ligg fritt midt i Afrika, og utsynet då sola gjekk opp og dei stod på toppen var ubeskriveleg, alle slags fargar og ein raudfarge bada toppen. Dei var bare der oppe ein halvtime, fekk ta bileta for å dokumentere at dei hadde vore der. Men lufta var tunn, så dei var glade for å kome nedover att, heile turen den siste dagen tok 18 timar.

Ettersom ho hadde kort tid å førebu seg, hadde ho teke seg ein tur langs Strondelene og opp i Berg med ryggsekk, turen i Afrika var noko heilt anna, så det var ei utfordring å fullføre. Men bærarar og medvandrarar hjelpte kvarandre, og turleiarane var og støttande og såg til at folk klarte seg. Ein av dei 12 deltakarne på turen måtte gje opp før dei kom til topps.

Men Bjørg fullførte og kunne tenkt seg å ta turen om att med det same. Det vart ei oppleving for livet, sjølv om ho felte tårer kvar dag. Ein papirengel som son hennar hadde laga til jol var med i sekken, ho opplevde mest at ein engel var med henne og gav styrke på ferda gjennom regnskog nede og månelandskap på toppen.

Takk for ein triveleg time i radiostudio denne onsdagskvelden, Bjørg!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *