Ting som ikkje fungerer

Share

I går skreiv eg om webkameraet i Sarvsjuvet som ikkje fungerer og at på heile den nettsida er det bare framsida som fungerer.

I dag vil eg fortelje om bussrutene i Setesdal. Det går buss frå Valle til Kristiansand klokka 07.20 og klokka 16.15. Heim att kjem buss klokka 11.15 og 19.15.

Torsdag skulle tre av elevane mine på mørkekjøringskurs på Evje. Det går om kvelden når det er mørkt, det vil seie at det starta klokka 17 og heldt på til klokka 19.30. Om elevane skulle ta buss, måtte dei reise klokka 7.20, vente heile dagen på Evje før kurset starta klokka 17. Når kurset var ferdig klokka 19.30, måtte dei overnatte til neste dag då bussen går oppover frå Evje på føremiddagen og dei kom til Valle klokka 11.15. For eit kurs på tre timar måtte dei altså bruke halvanna døger.

Løysinga denne gongen vart at eg tok ein tur til Evje med avreise frå Valle klokka 15 og retur til Valle klokka 21. Tre timars kurs og halvannan time i bil kvar veg var noko smidigare.

Slike opplevingar gjer at ein skjønar kor vanskeleg det er å bu i Distrikts-Norge utan bil. Elevane mine har bil, no strevar dei med å få seg førarkort. Etter mi meining er det noko av det viktigaste dei kan skaffe seg om dei skal bli buande i Setesdal, noko dei gjerne vil.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *