Påskedag i Mandal

Share

I strålande ver gjekk turen til Mandal kyrkje for å vere med på påskegudsteneste. Vi var ikkje aleine, det visste vi på førehand, og når Mandal kantori er med, kjem dei tidleg, så vi visste og at det ikkje var parkeringsplass utanfor kyrkja, dermed parkerte vi nede i Øvrebyen. Vi var i godt selskap, sjølv om klokka bare var litt over halv elleve, tok det til å bli mange bilar på parkeringplassane også der.

På kyrkjetrappa stod Per Ragnar Haraldstad og helsa velkomen. Vi sneik oss unna det. Kyrkja i Mandal har tre inngangsdører, og prosten kan bare stå ved hovuddøra, medan vi alltid går inn gjennom den venstre inngangsdøra, den har folk som bur i gamle Halse kommune helst nytta. Vel inne var eg overraska over kor mykje folk det var alt eit kvarter før gudstenesta skulle starte. Velkommen til oppstandelsesgudstjeneste stod det på lerreta som heng framme i kyrkja. Dei har gått over til å bruke prosjektor for salmer og liturgi, så det er ikkje så mange som leitar i salmebøker lenger, sjølv om det er nummer på nummertavlene i kyrkja.

Det er festleg klokkeringing frå kyrkjetårnet på høgtidsdagar, men så stilna den og vi fekk innledningsinformasjon før inngangsprosesjonen med to dåpsbarn og Mandal kantori. Så gjekk gudstenesta sin gang, organisten hadde med seg ein trompetist, det lyftar alltid sangen. Og med 530 personar i kyrkja var det jublande sang frå første salma Påskemorgen slukker sorgen til siste salma Deg være ære.

Det er ikkje så lett å referere frå preika, så det står eg over. Etter at gudstenesta var ferdig, var det kyrkjekaffe på kyrkjebakken i strålande sol. Men temperaturen var vel knapt over fem grader, så det var ikkje så lenge vi stod der før vi fann bilen og kom oss innandørs.

Vel heime att dukka syster mi og mannen opp. Dei hadde besøkt venner og ville sjå innom oss og. Dermed vart vi mange til middag, for Margunn og Stein var innom hos oss etter å ha vore i Nederland den første del av påsken. Og Helge har vore heime og hatt påskeferie her frå tysdag. Så det vart ein hyggeleg ettermiddag før folk braut opp og tok på heimveg. No sit vi snart att toeine, påska er over og snøen tærast vekk. Smått om senn må det vel bli vår.

Sommartid

Share

I natt stiller vi klokka mot sommar. Det er å vone at sommaren kjem med sommartida, sjølv om snøen framleis ligg like i fjæresteinane i gamlelandet. For oss som har vore vane med vårblomar på denne tida, og som har sett pris på at dei titta opp av auren, er det deprimerande å ha frost og snø natt etter natt. Trekkfuglane er seine, og dei som kom tidleg, døyr av matmangel i frosten.

Likevel seier kalenderen at det er tid for å stille klokka mot sommar. Eg er glad eg ikkje skal på jobb i morgon tidleg, organistar og prestar slit vel litt ekstra i kveld når dei funderer på om klokka skal stillast fram eller tilbake. I USA har dei endåtil dikta song om dette, dei stilte klokka for eit par veker sidan, og Bernhard Emmelkamp delte i dag songen/ salma deira på Facebook:

God of sleep and God of slumber,
help us not be late, we ask.
Changing clocks one forward number,
may we not forget this task.
Choir directors, preachers, teachers,
all we bless your holy name
If to Sunday church on time we came.

Dean McIntyre skreiv songen i 1995 til ein melodi av John Huges frå 1907. Her er notene: http://www.gbod.org/content/uploads/legacy/kintera/entry_14653/66/TIMECHANGESONG.PDF

I år er det jo ekstra ille her i Norge, påskedagsgudstenesta er jo høgdepunkt i kyrkjeåret, så ein bør helst ikkje kome for seint til denne.

Sjølv har eg ingen oppdrag eg må rekke i morgon tidleg, så eg tenkjer at for min del vil det gå greitt å bytte til sommartid, sjølv om ein er litt mindre opplagd dei første dagane etter byttinga. No får vi andre påskedag å kome oss på, så det vil vel vere lettare i år enn mange andre år.

Med skiftinga til sommartid vonar eg at vi og kan seie: Velkomen sommar om ikkje så alt for mange dagar. At skisentera på fjellet vil ha vinter nokre veker til, kan eg skjøne, men i dalen og ved kysten ventar vi utolmodig på vår og sommar.

Ein stille dag

Share

Langfredag har tradisonelt vore ein stille dag i Norge. Då vi vaks opp, var vel langfredag den stillaste dagen i året. Utanom kyrkjegang vart det å finne ei bok å lese i. Eg har høyrt at nokre folk arbeidde med det verste dei kunne finne på å gjere på ein gard denne dagen, men det kjenner eg ikkje frå mi ungdomstid.

Då vi vaks opp var det ikkje TV ein kunne velje kanalar i. Vi hadde bare NRK, og den kanalen hadde ikkje program heile dagen. Heller ikkje radio hadde det. Men langfredag var ekstra stille. Til og med i kyrkja var det stille, for orgelet skulle ikkje bruse den dagen.

Det er mykje annleis no for tida. Folk tek seg ein spasertur eller ein kjøretur, bensinstasjonar er opne, så om ein har gløymt å handle noko, kan ein ordne seg. Likevel er vi mange som set pris på denne stille dagen, i alle fall vi som ikkje vil til fjells og slikke påskesol.

Sjølv om eg til å sjå ein episode av En engel i blant oss på FEM klokka sju i dag tidleg. Den handla om ei jente som høyrde englesang, noko ho helst ikkje skulle. Seinare på dagen fann eg P7 Kristen Riksradio og fekk høyre evangelisk sang der.

Ei økt fekk eg og med meg ein film, Miss Potter, på Filmkanalen på TV. Det var ein tankevekkande film og syner at dei hundre åra som vi har hatt sidan Beatrix Potter, barnebokforfattaren i England, levde, har samfunnet endra seg svært mykje. Bøkene hennar om Petter Kanin har vi jo i Norge og, teikningane hennar er svært karakteristiske. Livet hennar var slik at ei ung jente i våre dagar knapt vil kunne tru det var mogleg å ha det slik.

I tillegg til dette nytta eg også denne dagen til å skrive litt på Setesdalswiki. Talet på artiklar veks. Ikkje alle er lange, det er leksikonartiklar, ikkje avhandlingar. Men dei fleste artiklane syner vidare til kjelder der ein kan skaffe seg meir informasjon om ein ønskjer det. Og hyperteksten fungerer, interne lenker gjer at ein får meir informasjon gjennom å klikke på lenker i ein tekst. Når vi no snart rundar 4000 artiklar på Setesdalswiki, kan lesaren skaffe seg mykje kunnskap om Setesdal gjennom å lese her. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Påskebasaren skjærtorsdag

Share

I kveld logga eg meg på nettsida til Valle Radio og trykka på Live streaming klokka 18. Då kom Bjørgulv T. Berg på lufta og helsa velkomen til sendinga. Den fyrste delen var Helge Dahle med han, dei snakka om sendinga som låg framom. Så hadde han ein prat på telefonen med Katrine Larsen i Brokke Alpinsenter, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Katrine_Larsen Ho var veldig godt nøgd med påsken i Brokke og gledde seg over at folk koste seg og hadde det fint.

Resten av den første timen måtte vike for andre gjeremål, men litt uti sendinga kom eg inn att og fekk høyre Helge Dahle, Rolf Erik Homme og Britta Lise Homme snakke med folk som hadde svar på rebusar. Dei fekk folk i nord og sør til å lese dikt og gav rundhanda ut premiar for alt som telefongjestene gjorde.

Eg tvilar på at folk ikkje veit at Statoil Rysstad og Evje Glass Service er hovudsponsorar i år, for med jamne mellomrom kom ulike reklamespottar for desse, både korte innslag og lange dikt. Her i stova var kommentaren at hovudsponsorane fekk mykje for pengane.

Det er alltid ein fare for at ein får folk på lufta som har litt dristige vitsar og historier, så etter at ei dame frå ei hytte hadde lese opp noko som skulle vere ein vits, men som eg opplevde var flaut, sette eg meg heller ned for å skrive litt på Setesdalswiki att. Difor veit eg ikkje om helsinga eg sende til Niklos K. Besteland vart lesen opp. Den lydde:

Det blir tysdagssending i Valle Radio 3. påskedag. God påske med å førebu eit nytt Postludium-program. Helsar God påske til alle som høyrer på Valle Radio.

Det verka som om folk kjøpte lodd på påskebasaren, og det er jo det viktige denne kvelden. Loddkjøparar vart lesne opp av programleiarane, og alt tidleg hadde salet passert 10.000 kroner. Målet er jo å få inn ti gonger så mykje den første kvelden og like mykje den andre kvelden, så dei mange som er i radioen desse to dagane, har ein viktig jobb å gjere for alle oss som likar at Valle Radio kan vere på lufta.

Klart for påskebasaren 2013

Share

Så er det klart for Påskebasaren 2013. I hus og hytter over heile Setesdal gleder folk seg til å kjøpe lodd, løyse rebusar og høyre på musikk og snakk frå programleiarane i Valle Radio. Jorunn Lund Harstad har hatt eit strev med å setje opp vaktlister for alle tenestene som er bakanfor, folk ved telefonane og datamaskinane og kor det no er. Men når sendinga startar i morgon kveld, er det bare å gle seg og fylgje med, kaupe lodd og vente på gevinstar.

I år er det ei fyldig sponsorliste som har hjelpt oss med gevinstar:

Valle Radio, Statoil Rysstad, Evje Glass Service, Bjørgulv Bjørgum, Motorsenteret, Valle Landbruksenter, Georg Viki Byggeforretning, Rysstad Handlaft, Starume Handlaft, UTA, Valle Motell, Setpro Valle, Merkantil Service, Bleieboden, Coop Valle BA, Coop Marked Hylestad, Hasla, Joker Valle, Kvisle Eigedom, Setesdal Husflidsentral, Valle Bil & Maskin, Valle Handlaft, Aamli klipperi AS, Valle Sparebank, Rolf`s Elektro, Maxi Catering, Elektroteam Sørlandsparken, Nomeland Anlegg, Brokke Eigedom, Tveiten Rammeservice, Sølvgarden Hotell, Valle Blomar og Gåver, Valle Bensin, Helge Larsen, Otra Kraft, Otteraaens brugseierforrening, Setesdal tapet og golv, Color Line, Bergsam AS, Stock AS,Trond`s mat og vinhus, Bykle Breiband, Skiservice Hovden, T. Bjørnarå AS, Coop Bykle, Hovden Badeland, Hovden Alpinsenter, Rimi Hovden, Hovdehytta, Fjellgarden Hovden, Hovden Rørlegger service, Bykle Maskin m/Falk/NAF/Viking, Setesdølen, Bademiljø Ragnar Aas Evje, Databutikken Evje, Evje Gull og Sølv, Glashytta Bygland, Gunnar Helle AS Sylvsmed, Intersport Evje, Sport1 Evje,Byggern Evje, Optiker Wettre Evje, YX Evje trafikksenter, Jernia Evje, Coop Marked Ose, Dekkomsetning Evje, Ose Turistheim, Almedal Sagbruk, Alle Tiders Evje, Garn og Lysstua Evje, Pernille Evje, Sjarm Evje, Stæsj Evje, Tip Top Kiosk og Gatekjøkken Evje, Setesdalstrykk Evje, Setesdal Bunadsenter og Neset Camping.

Gåvekort/gevinstar har til saman ein verdi på mellom 70.000,- og 100.000,-

Håper du kjøper lodd og vinn! Lykke til 🙂

Foredragshaldarane

Share

Foredragshaldarar og innleiarar på Setesdalskonferansen 2013 har no fått artiklar på Setesdalswiki. Det har vore eit puslespel å finne stoffet, for mange av dei folka var ikkje veldig synlege med biografiske opplysningar i artiklar på Internett. Så sjølv om Internett er blitt ei viktig kjelde til informasjon om mykje, er vi på langt nær kome dit at det finst artiklar om folk flest der.

Wikipedia har eit nasjonalt perspektiv og dei som skal få artiklar der, må ha gjort noko som gjer at dei er kjende i meir enn eigen kommune. Unntak er ordførar og varaordførar, dei er automatisk notable, som det heiter. På Setesdalswiki har eg eit anna fokus, der kan i prinsippet alle få artiklar om dei har tilknytning til Setesdal. Ettersom eg skriv ut frå Setesdølen, så vil og ivedølar og åsdølar ha ein viss plass i leksikonet.

Setesdalswiki kom til etter at eit behov vart meldt på Setesdalskonferansen 2009. Dermed er det nok rett å seie at Setesdalskonferansane står i ei særstilling i tekstmassen på Setesdalswiki. Eg har prøvd å ha artiklar om deltakarane, det vil seie dei som har oppgåver der, men har til no ikkje lukkast å få på plass artiklar om folka frå bedrifter i Setesdal, sjølv om det har vore ambisjonen.

For i år er imidlertid no alle foredragshaldarane på plass med eigne biografiske artiklar. Eg lurte svært på korleis eg skulle finne stoff nok til ein artikkel om Jo Breivegen, men der var eg heldig, for i dag var det ein artikkel om han i Fædrelandsvenne som hadde nok stoff til at eg kunne lage ein leksikonartikkel. Takk til Johs. Bjørkeli for hjelpa med den artikkelen.

Årets Setesdalskonferanse skal vere i Hovden grendehus og så skal vi bo ein stad og ha måltid ein annan. Desse stadene har eg ikkje fått på plass artiklar om, så eg er enno ikkje ferdig med prosjektet om å gjere heile artikkelen blå, men det kjem seg. Du kan jo sjå sjølv: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesdalskonferansen_2013

Og så må du ikkje gløyme å melde deg på. Dei seier at Setesdølar er trege til å melde seg på slike arrangement. Fristen i år er 1. april, kan hende det vert fullt innan fristen går ut. send ein epost til post@setesdal.no så får du plass. Velkommen til Hovden.

Hvem tror du at du er?

Share

I dag fekk eg med meg litt av kvart på TV. Det starta med En engel i blant oss i dag tidleg. Det går på FEM frå om lag klokka sju, så ein må helst vakne tidleg. Eg var ikkje klar over at det var snooker på Eurosport like etter at det var slutt, så det fekk eg ikkje med meg. Så vart det lite framom TV-skjermen før i åtte-ni-tida i kveld. Då kom Hvem tror du at du er? Det er eit program som kona likar, og i kveld var det countrysongarinna Reba McEntire som leita seg bakover i slektshistoria.

Det kan vere litt av kvart å finne når ein går nokre generasjonar bakover. Ho fann ein tipp-tipp (kor mange tippar det var, er eg ikkje heilt sikker på) oldefar som hadde vore slavehandlar. Då var ho helst ikkje høg i hatten. Men to generasjonar før han att, då møtte ho ein 9 år gamal gut som vart sett på eit skip frå England til Virginia for å kome ut av eit liv som ikkje verka særleg lysteleg. Han måtte arbeide i 11-12 år for å bli kvitt gjelda som overfarten påførte han, men kom seg etter kvart opp og fram i verda. Han vart stamfar til mange amerikanarar.

Det har vore fleire av desse programma som eg ikkje har fått sjå, men dei eg har sett, har vore svært interessante. Ein variant av dei er og laga med norske kjendisar, dei var og interessante. Ein lærer mykje om ikkje alt for fjern fortid.

Utanom TV-skjermen har eg i dag og studert i ein annan skjerm, så det har blitt nokre fleire blå lenker i artikkelen om Setesdalskonferansen 2013 på Setesdalswiki. No er det vel bare eit par personar att, så er alle personlenkene farga blå. Etter det må eg prøve å få til artiklar om nokre av stadene på Hovden som vi skal besøke under konferansen. Om dette er nok til å få folk til å melde seg på før 1. april, er ikkje godt å seie, påmeldinga kom altså midt i påska i år, og folk flest tenkjer vel meir på sol og ski enn på å melde seg til konferansen som skal vere 18. og 19. april. No har eg skrive om dette opp til fleire gonger, men eg har ikkje meldt meg på sjølv. Ettersom eg er i programkomiteen, er eg vel på ein måte sjølvskriven, men eg må vel kanskje sende ein mail til post@setesdal.no og melde meg på likevel.

Hvem tror du at du er? Ein som får plass på Setesdalskonferansen 2013 utan å melde deg på? Meld deg på med det same du har lese bloggen min, om du skal dit. Så er det gjort.

Kvinner i politiske roller

Share

Om du som les bloggen og høyrer på Valle Radio hugsar tilbake til første sendinga i år, du må heilt tilbake til 9. januar, hugsar du kanskje at eg hadde fem ordførarar i samtale og at eit av emna vi tok opp, var kvinner i politikken i Setesdal. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Onsdagsprogram_i_Valle_Radio_20130109

Programmet den gongen førte til ei side på Setesdalswiki som eg kalla Stemmerettsjubileet 2013, http://www.setesdalswiki.no/wiki/Stemmerettsjubileet_2013 Der var det eit avsnitt om kvinner i leiande politiske verv. I dag skreiv eg artikkelen om Else Marie Lønn på Setesdalswiki, så no er ei lenke der blåfarga og det står bare att tre røde lenker i det avsnittet.

Grunnen til det er at eg i sist veke rydda i gamle aviser og då fann eg Setesdølen nr. 85 for 1997. Der var det fødselsdagsomtale for Else Marie Lønn, som fylte 60 år 30. oktober 1997. Omtalen av henne var så konkret at det kunne verte ein artikkel. Eg likar slike konkrete omtalar. Omtalar som fortel om kor hyggeleg og vennleg ein person er, høver dårleg som grunnlag for leksikonartiklar. Best likar eg det når det står både om utdanning og jobbar og fødestad. Det stod det ikkje i denne artikkelen, men det stod likevel nok til at eg kunne setje saman ein artikkel. I tillegg fann eg litt om henne på nettstaden til Stortinget, for ho var vararepresentant til Stortinget ein periode. Om ho møtte, stod det likevel ikkje.

Gamle aviser er gode å ha når ein skal lage eit nettleksikon. Så eg putlar og leitar og finn stadig noko å lage artiklar ut frå. Eg har sagt det før og seier igjen at det hadde vore fint om fleire vart med på denne dugnaden for Setesdal. Å få på plass artiklar om kvinner i politiske roller i dette jubileumsåret, er ei av målsettingane.

Nye biografiar

Share

I dag vart det to nye biografiar om foredragshaldarar på Setesdalskonferansen 2013. Mannen som skal starte det heile torsdag 18. april klokka 10, Petter Planke, er ein gründer som no er blitt 76 år, men som ikkje kviler på laurbæra. Temaet hans er Grip dagen. Det skulle vel indikere temaet for konferansen så godt som det er mogleg å gjere det: Ein må gripe dagen om ein skal lukkast. Petter Planke var ferdig med Handelsgymnaset og skulle begynne på Handelshøgskulen. Så fekk han eit agentur for sjølvklebande etikettar og då droppa han studiar og gjekk i gang. Etter nokre år hadde han god innsikt i situasjonen til kjøpmenn rundt om i landet og såg at dei sleit med flaskepantproblem. -Tenk om vi kunne hatt eit hol i veggen der folk leverte flaskene og fekk kvittering for leveringa som dei kunne levere i kassen, var problemstillinga. Ingen hadde tenkt at det var mogleg før, men elektronikken var utvikla så godt på den tida, at no var det mogleg. I dag har TOMRA over 70% marknadsandel på verdsbasis. Planke er ute av firmaet, men har starta eit nytt firma i ein heilt annan sektor. No leverer han treningsapparat for musklar og skjelett. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Petter_Planke

Den andre eg skreiv om er direktøren for Innovasjon Norge på Agder. Erling Hellum er meir ein doldis, men kontoret hans formidlar støtte til folk som har gode idear og som vil satse på nyskaping. Han er jurist med ekstra master i management. I tillegg har han eit sterkt engasjement i Det norske Misjonsforbund. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Erling_Hellum

Dei to artiklane er ikkje spesielt lange, men det tek tid å setje dei saman når ein skal google fram den biografiske informasjonen som skal vere grunnlaget for ein biografisk artikkel. Sjølv om folk er ein del i media, er det ikkje alltid ein får vite så mykje om bakgrunn og samanhengar dei står i. Difor trur eg at artiklar av denne typen på Setesdalswiki kan vere gode å ha, også om folk som ikkje direkte har røter og liv i Setesdal. Det ser ut til at folk finn interessant informasjon på Setesdalswiki, for i mars har det i snitt vore vel 200 besøk kvar dag. Det gleder i alle fall denne skribenten.

Meir om Setesdalskonferansen 2013

Share

Setesdalskonferansen 2013 har mange folk som skal bidra med innlegg. Eg har ein ambisjon om å presentere alle gjennom å skrive artiklar på Setesdalswiki slik at lenkene i artikkelen om konferansen vert blå. No er det mange røde lenker der, då er det ingen artikkel om du trykker på lenka, men dei blå lenkene kan du trykke på og finne meir stoff.

I går fekk eg på plass artiklar om Roger Hagel Sørli og Rolf Arne Haugen. Dei er knytt til Hovden på kvar sin måte, Sørli som eigedomsutviklar og Haugen som opplevingsutviklar med utgangspunkt i Fjellgarden Hovden. Du finn artiklane her: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesdalskonferansen_2013

Det fine med å melde seg på med epost til post@setesdal.no no i palmehelga er at du når tidsfristen, som er 1. april, altså like etter påske. Det er under ein månad til 18. og 19. april, og med påskehøgtida mellom, går dagane fort. Så eg må stå på i helga for å gjere ferdig artiklar om dei andre foredragshaldarane, slik at folk kan sjå kva dei går glipp av om dei ikkje melder seg på.