Flott februar 2013

Share

Overskrifta er ikkje basert på ver eller oppleving av vinter, for eg er ikkje særleg glad i frost og snø og syng gjerne Frost og snø de måtte fly. Men for bloggen min vart februar flott på den måten at eg skreiv eit innlegg kvar dag heile månaden.

Det er ikkje ofte eg har klart å skrive noko på denne bloggen kvar dag ein heil månad. Som oftast har det vore dagar det ikkje har kome noko. Men i februar 2013 klarte eg det.

Det er i grunnen litt av eit paradoks, for eg har eigentleg planlagt å gå over til å skrive meir på den andre bloggen min, den som du finn i venstremargen på Setesdalswiki. Men av ein eller annan grunn held eg fram her som eg no har skrive ganske så lenge, eg hugsar ikkje sjølv om det var i 2007 eller 2005 eg starta å skrive. Det er blitt over 3000 små tekstar med åra.

Du som les bloggen min, veit at temavalet er ganske variert. Det må det vel vere når utganggspunktet ofte er program i Valle Radio, for det er mykje variert som vert omtalt der. Neste veke skal eg ha sending både tysdag og onsdag, og eg har alt teke til å planlegge, sjølv om eg enno ikkje har fastlagt programmet.

I dag fekk eg ein interessant epost. Det var ein bygdesogeskrivar i Vefsn som undra seg på om eg visste noko om namnet Hurrabakken i Hornnes. Han synte til eit oppslag frå Digitalarkivet der ein person frå Hylestad, Salve Halvorson Upstad, budde med familien sin i 1910 i den folketellinga som var det året. http://da.digitalarkivet.no/ft/bosted_land/bf01036570000189

Eg sender dette ut på bloggen og lurer på om nokon veit noko om Hurrabakken i Hornnes, bruket høyrde inn under Fennefoss. I så fall hadde eg likt å få ein kommentar her på bloggen eller i epost harhaugl (at) gmail.com eller ein telefon til 9763 1408.

Så vonar eg mars blir like produktiv som februar har vore. Eg gleder meg til at Frost og snø de måtte fly og sol og glede kan kome.