Ånund Brottveit i Valle Radio

Share

Eg har to gonger tidlegare her på bloggen skrive om Ånund Brottveit, forskningssjef i Kirkeforskning, og hans forskning om Ski-VM 2011. I går var han med i Aktuell time i Valle Radio og fortalde om arbeidet sitt. Han har budd 30 år i Oslo, 20 av dei åra har han arbeidd på Diakonhjemmet Høgskolen før han no i februar fekk ny jobb.

Han gjekk på ungdomsskulen i Valle, men han hadde barneåra på Flosta i Arendal. Etter ungdomsskulen gjekk han på Hornnes, og då pendla han heim til Valle, sa han, og fortalde at han hadde gått Sesilåmi og at han var over middels interessert i skigåing, noko som vel var grunnen til at han vart med på forskningsprosjektet om Ski-VM 2011.

Men no er det ikkje så ofte han er i Valle. Han besøker mora, Ingebjørg Brottveit, men elles går turen fort på heia når han er i bygda.

-Sit mor di og høyrer på oss, spurde eg

-Eg har gløymt å seie frå til henne at eg skal i Valle Radio, sa Ånund Brottveit.

Kirkeforskning er eit lite forskningsinstitutt som står for forskning på kyrkjerelaterte saker, men og på andre saker etter kva som måtte høve for forskarane. Dei får finansiering frå Staten og frå private som går inn med prosjektmidlar. Instituttet har lokalar på Diakonhemmet Høgskole, så det var ikkje stor endring for Ånund Brottveit å flytte til ny arbeidsgjevar.

Praten vår om Ski-VM handla mellom anna om korleis ein rekrutterte ikkje-etniske nordmenn til å vere med i dugnadsarbeidet, men og som publikum. Det var ikkje lett, ein klarte vel bare å få med 2-3 prosent av dugnadsgjengen med framandkulturell bakgrunn.

Då kommenterte Ørnulf Hasla, som og sat i studio under samtalen at på Norsk Høstfest i USA var det mange tusen dugnadsarbeidarar, men det var dei norske som hadde teke vare på denne tradisjonen i USA. Det syntest Ånund var interessant, eg trur helst han fekk ide til eit nytt forskningsprosjekt. Sosialantropologar likar å forske på ting langt borte, men i dei seinare åra har dei og teke i bruk sosialantropologi-teknikkar for å forske på eige samfunn.

Kan hende blir samtalen i Valle Radio til eit nytt forskningsprosjekt. Då vil det nok kome reportasje i radioen. Og det er nok ikkje siste gongen Ånund Brottveit er med oss i ein samtale.