I morgon

Share

I morgon skal eg byrja på eit nytt og betre liv.

Det har eg tenkt fleire gonger i dag. Eg har hatt ein trong til å samle på papir og avisutklipp og som oftast har det hamna i plastposar. Men ein gong må det jo opp av posane att, og i helga har eg hatt ein slik liten ryddesjau. Frå små plastposar til den store sekken som snart skal kjørast til Brennevinsmyra og verte resirkulert.

Når eg tenkjer på alle avisene eg har kjøpt, så er det mange pengar som går i den resirkuleringa, men pengane er jo runde for at dei skal sirkulere. Det er morosamt å sjå kva ein har teke vare på. Eg opplever at eg har vore interessert i mykje. I ti år har eg samla på biografiar, til dømes. Når folk fyller år, får dei omtale i Aftenposten. Eg har samla mange sider med slikt stoff om folk eg ikkje kjenner, til og med frå før eg tok til å skrive biografiar om folk på Wikipedia. Etter at eg tok til med det, har jo nokre av dei eg har teke vare på, kome til nytte som grunnlag for tekstar eg har skrive, men ikkje alle som er omtalte i slike lister, får biografiar på Wikipedia, og då vert dei lett liggjande i posane. Men i dag gjekk i alle fall nokre av dei i ein større pose.

Eg har vore med i ulike styre og fått papir i slike samanhengar. Dei burde eg jo ha kasta då eg gjekk ut av styret, men i staden samla eg dei og tenkte dei kunne kome til nytte ein gong. Dei gjorde ikkje det. No går dei og til resirkulering. Og så har eg samla på teikneseriar og morosame historier og tenkt at dei kunne eg glede meg over og få ein god lått som kunne forlenge livet ein eller annan gong. Dei fungerer ikkje når dei ligg i plastposar og samlar støv, så eg kan like godt kaste dei.

Til og med kryssord har eg teke vare på, slik at eg kunne løyse dei seinare, men no er det fleire år sidan eg løyste kryssord, i alle fall systematisk og med stor glede, så eg kjem aldri til å få bruk for slike kryssord, i sekken med dei og.

I morgon skal eg skrive inn gamle Setesdølen på Setesdalswiki, så dei gamle Setesdølen får eg nok bruk for. Men Fædrelandsvennen og Dagbladet og VG og Dagens Næringsliv og Aftenposten: I sekken med dei. Forresten, kanskje eg skulle spare på Fædrelandsvennen, kanskje det står noko om Setesdal der. Eller dei andre avisene, kan hende er det noko eg kan bruke i Valle Radio.

Nei, nå får det vere nok. I sekken med dei. Og ikkje ta dei opp att. Eit nytt og betre liv står for døra.

Trur eg.