Kvinner i politiske roller

Share

Om du som les bloggen og høyrer på Valle Radio hugsar tilbake til første sendinga i år, du må heilt tilbake til 9. januar, hugsar du kanskje at eg hadde fem ordførarar i samtale og at eit av emna vi tok opp, var kvinner i politikken i Setesdal. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Onsdagsprogram_i_Valle_Radio_20130109

Programmet den gongen førte til ei side på Setesdalswiki som eg kalla Stemmerettsjubileet 2013, http://www.setesdalswiki.no/wiki/Stemmerettsjubileet_2013 Der var det eit avsnitt om kvinner i leiande politiske verv. I dag skreiv eg artikkelen om Else Marie Lønn på Setesdalswiki, så no er ei lenke der blåfarga og det står bare att tre røde lenker i det avsnittet.

Grunnen til det er at eg i sist veke rydda i gamle aviser og då fann eg Setesdølen nr. 85 for 1997. Der var det fødselsdagsomtale for Else Marie Lønn, som fylte 60 år 30. oktober 1997. Omtalen av henne var så konkret at det kunne verte ein artikkel. Eg likar slike konkrete omtalar. Omtalar som fortel om kor hyggeleg og vennleg ein person er, høver dårleg som grunnlag for leksikonartiklar. Best likar eg det når det står både om utdanning og jobbar og fødestad. Det stod det ikkje i denne artikkelen, men det stod likevel nok til at eg kunne setje saman ein artikkel. I tillegg fann eg litt om henne på nettstaden til Stortinget, for ho var vararepresentant til Stortinget ein periode. Om ho møtte, stod det likevel ikkje.

Gamle aviser er gode å ha når ein skal lage eit nettleksikon. Så eg putlar og leitar og finn stadig noko å lage artiklar ut frå. Eg har sagt det før og seier igjen at det hadde vore fint om fleire vart med på denne dugnaden for Setesdal. Å få på plass artiklar om kvinner i politiske roller i dette jubileumsåret, er ei av målsettingane.