Påskebasaren skjærtorsdag

Share

I kveld logga eg meg på nettsida til Valle Radio og trykka på Live streaming klokka 18. Då kom Bjørgulv T. Berg på lufta og helsa velkomen til sendinga. Den fyrste delen var Helge Dahle med han, dei snakka om sendinga som låg framom. Så hadde han ein prat på telefonen med Katrine Larsen i Brokke Alpinsenter, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Katrine_Larsen Ho var veldig godt nøgd med påsken i Brokke og gledde seg over at folk koste seg og hadde det fint.

Resten av den første timen måtte vike for andre gjeremål, men litt uti sendinga kom eg inn att og fekk høyre Helge Dahle, Rolf Erik Homme og Britta Lise Homme snakke med folk som hadde svar på rebusar. Dei fekk folk i nord og sør til å lese dikt og gav rundhanda ut premiar for alt som telefongjestene gjorde.

Eg tvilar på at folk ikkje veit at Statoil Rysstad og Evje Glass Service er hovudsponsorar i år, for med jamne mellomrom kom ulike reklamespottar for desse, både korte innslag og lange dikt. Her i stova var kommentaren at hovudsponsorane fekk mykje for pengane.

Det er alltid ein fare for at ein får folk på lufta som har litt dristige vitsar og historier, så etter at ei dame frå ei hytte hadde lese opp noko som skulle vere ein vits, men som eg opplevde var flaut, sette eg meg heller ned for å skrive litt på Setesdalswiki att. Difor veit eg ikkje om helsinga eg sende til Niklos K. Besteland vart lesen opp. Den lydde:

Det blir tysdagssending i Valle Radio 3. påskedag. God påske med å førebu eit nytt Postludium-program. Helsar God påske til alle som høyrer på Valle Radio.

Det verka som om folk kjøpte lodd på påskebasaren, og det er jo det viktige denne kvelden. Loddkjøparar vart lesne opp av programleiarane, og alt tidleg hadde salet passert 10.000 kroner. Målet er jo å få inn ti gonger så mykje den første kvelden og like mykje den andre kvelden, så dei mange som er i radioen desse to dagane, har ein viktig jobb å gjere for alle oss som likar at Valle Radio kan vere på lufta.