Allsangkveld

Share

I kveld var det tid for allsangkvelden som Sissel Åkre var i Valle Radio og snakka om under Open sending onsdagskvelden. Det var litt forvirring om staden, for i omtalen på Facebook stod det Storstoga, men dei 40 som fann vegen til Spelestoga, hadde ein fin kveld. Sissel ønska velkommen, Anna Slaby styrte prosjektoren og trommer og Tonhild Kråkenes sat ved pianoet.

Å synge i Spelestoga er ei fin oppleving, det er god akustikk der. Denne mandagskvelden klokka 19 møtte også Syngjandi ein time tidlegare enn vanleg øvingstid tilsa, dermed var det god støtte for sangen for oss som kom der fordi vi likar å synge. Av publikum hadde nok omgrepet Vi over 60 høvd best, men det var ei gruppe karenarar der, og dei er midt i livet. Sissel sa at arrangementet også høvde for barn, men det fekk nok ikkje barneforeldre med seg.

Sangane var kjente og kjære, i alle fall dei fleste, men programomtalen truga med nokre nye songar, og det fekk vi og, eller i alle fall songar som ikkje så ofte vert nytta i allsang. Prøysens Blåbærtur og Du skal få en dag i mårå var med, Kjerringa med staven, Å jeg vet en seter, Å vesle lerka, (men ikkje Alle fugler), What shall we do with the drunken sailor og Kum ba ya, my Lord.

Midt i programmet slapp karenarane til med ein song. Seks karenarar song og Paw De Lay David spelte piano, og dei song fleirstemt. Eg som har dei på skulen i norskopplæring, veit noko om sanggleda deira, og det var flott å høyre dei utanom klasseromet. Planen var at også chin-gruppa skulle synge, men der var det sjukdomforfall, rennande nase og sår hals gjorde at dei ikkje kunne stille opp denne kvelden.

Eg var heldig og kunne ha Reidun med meg, og ho helste på fleire kjende. Ingebjørg Brottveit praia meg og takka for intervjuet eg hadde hatt med Ånund, son hennar onsdagskvelden. Då vi snakka saman, undrast eg på om han visste om mora sat og høyrde på, men han måtte medgi at han ikkje hadde fått informert henne om at han skulle på lufta den kvelden. Men Britta Lise hadde gjort det, så ho hadde fått høyre det og var så glad for det. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Onsdagsprogram_i_Valle_Radio_20130306

Det er visst eit år til neste gong Folkeakademiet Valle vil ha eit slikt program att. Kan hende er det fordi det er så sjelden at det fungerer. For kvelden i kveld var god å ha med seg. Dessverre tenkte eg ikkje på å ta med opptakar, så eg får ikkje sende det i Valle Radio. Der får eg nok halde meg til eit anna opplegg på sangkvelden i morgon.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *