Avlyst

Share

Så måtte dei avlyse Sesilåmi. 50 bussar kunne ta med seg skiløparar heim att i staden for å kjøre frå Brokke til Sinnes og hente trøytte skiløparar der. Det er vel grunn til å tru at mange var noko frustrerte over veret i morgontimane i dag. Men etter kvart som dei såg vinden ta til i styrke, var dei sikkert glade at dei ikkje var på fjellet og streva i motvind. I våre dagar er det rart å tenkje på at ein mann frå Brokke sette livet til i storm på veg heim frå Furestøyl til Brokke. Det har lenge stått eit kors oppe i bakken til minne om den hendinga. Kreftene på fjellet er ikkje til å spøkje med.

Dei som hadde kortast veg heim, rakk kanskje å få med seg 30 km i Val de Fiemme, der ein kunne sjå at jentene har lært seg noko av taktikk-gåinga til gutane og heller ville ligge bak i dragsuget enn å gå alt det ski og utstyr elles kunne tåle. Løpet der var i klassisk stil, akkurat som Sesilåmi. Men der var dei vel bare vel 40 som starta, medan det var 1600 på startstreken på Furestøyl. Og det var jo mindre publikumsvenleg å gå over fjellet enn i rundløype med TV og fulle tribunar.

Om 14 dagar er det HovdenTour, så det er vel råd å få med seg eit fjell-løp for dei som elskar å måle krefter med kvarandre og naturen på fjellet. Det kan vel ikkje blåse like mykje då.

Eg har halde meg i Mandal som vanleg, og då eg ferdagskvelden kom hit, låg det snø og is i hagen. Det meste forsvann med vinden i 8 varmegrader laurdagen. Så no er det bare å glede seg til at «blomster hvite, gule, blå – titter opp av uren.» For våren er ikkje avlyst.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *