Ein stille dag

Share

Langfredag har tradisonelt vore ein stille dag i Norge. Då vi vaks opp, var vel langfredag den stillaste dagen i året. Utanom kyrkjegang vart det å finne ei bok å lese i. Eg har høyrt at nokre folk arbeidde med det verste dei kunne finne på å gjere på ein gard denne dagen, men det kjenner eg ikkje frå mi ungdomstid.

Då vi vaks opp var det ikkje TV ein kunne velje kanalar i. Vi hadde bare NRK, og den kanalen hadde ikkje program heile dagen. Heller ikkje radio hadde det. Men langfredag var ekstra stille. Til og med i kyrkja var det stille, for orgelet skulle ikkje bruse den dagen.

Det er mykje annleis no for tida. Folk tek seg ein spasertur eller ein kjøretur, bensinstasjonar er opne, så om ein har gløymt å handle noko, kan ein ordne seg. Likevel er vi mange som set pris på denne stille dagen, i alle fall vi som ikkje vil til fjells og slikke påskesol.

Sjølv om eg til å sjå ein episode av En engel i blant oss på FEM klokka sju i dag tidleg. Den handla om ei jente som høyrde englesang, noko ho helst ikkje skulle. Seinare på dagen fann eg P7 Kristen Riksradio og fekk høyre evangelisk sang der.

Ei økt fekk eg og med meg ein film, Miss Potter, på Filmkanalen på TV. Det var ein tankevekkande film og syner at dei hundre åra som vi har hatt sidan Beatrix Potter, barnebokforfattaren i England, levde, har samfunnet endra seg svært mykje. Bøkene hennar om Petter Kanin har vi jo i Norge og, teikningane hennar er svært karakteristiske. Livet hennar var slik at ei ung jente i våre dagar knapt vil kunne tru det var mogleg å ha det slik.

I tillegg til dette nytta eg også denne dagen til å skrive litt på Setesdalswiki. Talet på artiklar veks. Ikkje alle er lange, det er leksikonartiklar, ikkje avhandlingar. Men dei fleste artiklane syner vidare til kjelder der ein kan skaffe seg meir informasjon om ein ønskjer det. Og hyperteksten fungerer, interne lenker gjer at ein får meir informasjon gjennom å klikke på lenker i ein tekst. Når vi no snart rundar 4000 artiklar på Setesdalswiki, kan lesaren skaffe seg mykje kunnskap om Setesdal gjennom å lese her. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *