Hårfin

Share

Eg har før skrive om kor godt eg vart dulla med då eg var hos Oy og vart klypt før jol. No var det tid for ein ny runde, så eg tok turen til Rysstad i dag for å verte hårfin til påske. Då eg sat i stolen hennar, tenkte eg at eg visst burde gå til frisøren oftare, for det er godt å bli dulla med og få håret stelt.

Etter at eg var ferdig, svinga eg innom Statoil og fylte Statoilkoppen. Der venta dei på storinnrykket, det begynte alt å kome, men Tove kommenterte at eg såg nyklipt ut. Då måtte eg jo bekrefte at eg hadde vore hos Oy og blitt stelt etter alle kunstens reglar.

Etter det eg skjøna, hadde ho ikkje all verdas pågang, så om du som les dette vil bli fin til påske, klarar ho sikkert å ordne det. Bare stikk innom hos Odd Pedersen på andre sida av Sølvgarden, så får du hjelpa du treng for eit par hundre kroner, og det er det verd, det er no mi meining.

I klassen på skulen likar eg å fortelje eventyr, og i dag fortalde eg eventyret om Kvitebjørn Kong Valemon. Det handlar om kongsdottera som var så fin og som sit på ryggen til den kvite bjørnen, du har sikkert sett teikninga mange gonger. Men i dag fann eg ei anna teikning, den var av henne då ho ser den sovande vakre mannen, som ho eigentleg ikkje hadde lov å sjå.
http://trauskeneventyr.blogspot.no/2010/04/kvitebjrn-kong-valemon.html

Eg har aldri tenkt på kor langt hår ho hadde før eg såg den teikninga i dag, håret går til nedpå låret hennar. Då er eg glad eg er mann og har kort hår, det må vere mykje arbeid å vaske og stelle så mykje hår.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *