HovdenTour

Share

Valle Radio har ikkje hatt noko innslag om HovdenTour, så vidt eg har høyrt. Sjølv hadde eg det på lista mi over aktuelle tema då eg hadde sending for vel ei veke sidan, men den sendinga vart så full at eg gjorde ikkje noko med det.

I morgon brakar det laus. Meir enn 2000 ivrige skigåarar skal prøve seg i løyper på 22 km eller 42 km i terrenget aust for Hovden. Etter det eg les, får dei ikkje bruke sjølve traseen på førehand, for det er reinsdyrterreng. Så testing av utstyr må gjerast i lysløype annan stad.

I kveld er det mykje førehandsstyr, og HovdenTour har eit anna konsept enn Sesilåmi, for start og mål er nesten same staden, noko som gjer at folk ikkje treng stå opp grytidleg og dra med buss i otta. I staden kan dei reise til Hovden i dag, fredag, overnatte på hytter og hotell og vere klar til dyst i morgon. Etter turen kan dei slappe av til sundag før dei dreg nedover att.

Eg møtte dei på tur oppover i dag. Eg trur mange hadde teke fri frå jobben i dag, for køane kom tidleg oppover dalen. Og dei var lange, eg talde 40 bilar i slengen fleire gonger. Heldigvis var føret slik at folk tok det med ro, det var liten mulighet å prøve å presse seg fram i køen, til det var vegen for sleip og vanskeleg.

At det kom snø, er nok ei utfordring for arrangørane, som har lagt ned mykje arbeid i å få gode og faste løyper. Men dei mange som står på for å få arrangementet i hamn, vil nok klare jobben. På Hovden har dei lang erfaring i å gjennomføre store arrangement og å ha mange folk i bygda ei helg.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *