Hvem tror du at du er?

Share

I dag fekk eg med meg litt av kvart på TV. Det starta med En engel i blant oss i dag tidleg. Det går på FEM frå om lag klokka sju, så ein må helst vakne tidleg. Eg var ikkje klar over at det var snooker på Eurosport like etter at det var slutt, så det fekk eg ikkje med meg. Så vart det lite framom TV-skjermen før i åtte-ni-tida i kveld. Då kom Hvem tror du at du er? Det er eit program som kona likar, og i kveld var det countrysongarinna Reba McEntire som leita seg bakover i slektshistoria.

Det kan vere litt av kvart å finne når ein går nokre generasjonar bakover. Ho fann ein tipp-tipp (kor mange tippar det var, er eg ikkje heilt sikker på) oldefar som hadde vore slavehandlar. Då var ho helst ikkje høg i hatten. Men to generasjonar før han att, då møtte ho ein 9 år gamal gut som vart sett på eit skip frå England til Virginia for å kome ut av eit liv som ikkje verka særleg lysteleg. Han måtte arbeide i 11-12 år for å bli kvitt gjelda som overfarten påførte han, men kom seg etter kvart opp og fram i verda. Han vart stamfar til mange amerikanarar.

Det har vore fleire av desse programma som eg ikkje har fått sjå, men dei eg har sett, har vore svært interessante. Ein variant av dei er og laga med norske kjendisar, dei var og interessante. Ein lærer mykje om ikkje alt for fjern fortid.

Utanom TV-skjermen har eg i dag og studert i ein annan skjerm, så det har blitt nokre fleire blå lenker i artikkelen om Setesdalskonferansen 2013 på Setesdalswiki. No er det vel bare eit par personar att, så er alle personlenkene farga blå. Etter det må eg prøve å få til artiklar om nokre av stadene på Hovden som vi skal besøke under konferansen. Om dette er nok til å få folk til å melde seg på før 1. april, er ikkje godt å seie, påmeldinga kom altså midt i påska i år, og folk flest tenkjer vel meir på sol og ski enn på å melde seg til konferansen som skal vere 18. og 19. april. No har eg skrive om dette opp til fleire gonger, men eg har ikkje meldt meg på sjølv. Ettersom eg er i programkomiteen, er eg vel på ein måte sjølvskriven, men eg må vel kanskje sende ein mail til post@setesdal.no og melde meg på likevel.

Hvem tror du at du er? Ein som får plass på Setesdalskonferansen 2013 utan å melde deg på? Meld deg på med det same du har lese bloggen min, om du skal dit. Så er det gjort.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *