Kvinnedagen 2013

Share

I kveld såg eg andre del av konserten i Kristiansand der dei feira Stemmerettsjubileet. I Valle Radio markerte vi inngangen på jubileumsåret i sendinga 9. januar, då vi fekk ordførarane i dalen med på å finne første kvinne i kommunestyra i respektive kommunar. Av dette vart det ein artikkel på Setesdalswiki, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Stemmerettsjubileet_2013

I konserten i Kilden i kveld var det bare kvinner i orkesteret, som hadde ei kvinne som dirigent, og dei som underheldt og framførte helsingar, var alle kvinner. I introduksjonen til helsinga frå Kaci Kullmann Five vart det sagt at ho held styr på Stålsett og Jagland i Nobelkomiteen. Kor Jagland var i kveld, veit eg ikkje, men Stålsett var i Valle, og opptak frå foredraget han hadde kjem i Valle Radio onsdag som kjem.

Sjølv var eg i Mandal bedehus og høyrde Knut Svein Dale. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Knut_Svein_Dale Han har hatt opplegg med film og forkynning mange stader i Setesdal, no presenterte han opplegget i Mandal, det er planen å kjøre slike kurskveldar der til hausten. Han viste eit avsnitt frå Johannesevangeliet, det høvde fint no før påske, for avsnittet handla om tida før Jesus kom til Jerusalem og om inntoget i Jerusalem palmesundag.

I avsnittet var det ein sekvens som handla om Maria, søster til Marta og Larsarus. Det førte til spørsmål om ho var den same som ho som vart kalla Maria Magdalena. Det kunne Knut Svein avkrefte, og fortalde at Maria Magdalena var frå Magdala i Gallilea, medan kveldens Maria var frå Betania. I same sveipen fortalde han at det var tre Maria som stod saman ved korset då Jesus vart krossfest, Maria, Jesu mor, Maria Magdalena og Maria, Klopas si kone.

Sjølv om det gjekk lang tid før kvinner kunne gjere presteteneste i Den norsk kyrkja, hadde kvinner sentrale oppgåver i dei norske kristelege organisasjonane lenge før 1913, sa biskop Helga på festen i Kristiansand. Den tradisjonen går like tilbake til Golgata, kunne ho ha lagt til, om ho hadde vore og høyrt Knut Svein i kveld.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *