Love All, Serve All

Share

Den nye biskopen i Agder og Telemark, Stein Reinertsen, er på tur rundt i prostia for å møte tilsette i kyrkja. Sist veke var han i Otredal, då møtte han kyrkja sine folk i Bygland og hadde gudsteneste der onsdagskvelden. I kveld var han i Mandal, det var jo her han var prost før han vart biskop, så her kjente han folka. I staden for å ha ei bli-kjent-gudsteneste, kopla han det saman med ei jazz-messe han hadde planlagt saman med Mandal Kantori.

Det vart ei fin oppleving, prestane i prostiet medverka i gudstenesta saman med kantoriet, og det var jublande salmesang frå ein stor kyrkjelyd. Eg kan ikkje skrive fullsett, for kyrkja tek 1200, men godt med folk var det. Biskopen si preike var av typen ein hugsar, temaet var det same som overskrifta her: Love All, Serve All.

Grunnen til at ein hugsar det, var kanskje at han kopla det til Hard Rock Cafe, det er mottoet deira, og den som har vore på ein slik kafé ein stad i verda, hugsar opplevinga. Som regel får ein god mat, og ein får i alle fall høg musikk. Sjølv har eg vore med elevar frå Valle på Hard Rock Cafe i London, det var den skuleturen då vi kom for seint til flyet då vi skulle heim att og måtte tilbringe natta på Heathrow.

Men eg hadde ikkje fått med meg slagordet til kafeen, det var nytt for meg. Då eg kom heim i kveld, måtte eg slå det opp på Internett, og der stod det. Biskopen kopla det til Jesu gjerning, han elska verda slik at han gav og oppfordra kyrkjelyden til å fylgje eksempelet som vart sett av han som vi minnest i fastetid fram mot påskens dramatiske hendingar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *