Meir om Hurrabakken og litt til

Share

Stadnamn kan vere interessant. Eg fortalde for eit par dagar sidan om spørsmålet eg fekk om eg kunne seie noko om Hurrabakken i Hornnes. Det var eit skot i mørker, men i dag ringde eg til Bernt Gautestad, som har vore leiar i Evje og Hornnes historielag og lurte på om han visste noko.

Vi snakka saman og etter kvart kom vi fram til at den som budde der, vart kalla Såve Svingen. Dotter hans var filletante til Bernt Gautestad, så plutseleg var det meir interessant for han enn han hadde tenkt, for han hadde ikkje visst at dei hadde budd på den plassen.

Men kva namnet kunne kome av, nei det hadde han ikkje peiling på. Men han fortalde at dei ikkje sa namnet på same måte som det vert skrive, men meir i den forma som ein nyttar når ein snakkar om ei kvinne som praktiserer det som vert kalla verdas eldste yrke. Men det er jo ikkje så mange som kan tenke seg å bu på ein plass med det namnet, så ei forskjønnande omskriving kunne kanskje vere på sin plass.

Forskjønnande omskriving vert ikkje brukt alle stader. På Lista har dei nokre fallossteinar dei kallar pikksteinane, og no meiner folk at det er ein slik på Skjernøy utanfor Mandal og. Det var ein artikkel om det i avisa Lindesnes i dag: http://www.l-a.no/kultur/24393.html?fb_comment_id=fbc_118489961669667_50841_118897691628894#f1abd6104

Under den artikkelen har Øyvind Jacob kommentert at det er ein stad aust for Roskreppfjorden som heiter Pikksteinheii, og der fann han ein stein som liknar veldig på dei som står på Bygland kyrkjegard.

Bernt Gautestad vil leite litt og høyre om nokon andre i området på Evje veit noko om namnet på staden der Salve Uppstad, muraren frå Svingen, budde i 1910.

Ein tanke om “Meir om Hurrabakken og litt til”

  1. Det er langt frå Drevja og Vefsn til Setesdalen, også språkleg – men når vi ser på gamle ord og uttrykk, trur eg vi vil finne fleire fellestrekk enn folk flest ventar.

    I drevjemål (vefsnmål) ville ein brukt «e» som fugevokal mellom eit hokjønnsord og ein bakke. Så vi må tenkje oss eit adjektiv *hurra. Det er eit adjektiv eg ikkje kjenner.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *