Mikrofonproblem

Share

I går hadde eg som vanleg tysdagssending, og då er eg teknikar og programleiar. Det er frustrerande når utstyret ikkje fungerer, og etter at headset med mikrofon hadde vore på Åraksøyne i samband med Nordisk meisterskap i scooterdrag, fungerte det ikkje. Eg sendte melding til teknisk sjef Jørund Georg, men han rakk ikkje å rette det før i dag.

I dag var det vel ikkje så stort problem, for teknikar er lite på lufta i ei onsdagssending. Kåre Rike fortalde at han så vidt kunne høyre at det var lyd i radioen då eg snakka i går. Heldigvis var det meste av sendinga frå plate eller nett, så det meste var godt å høyre. Men intervjuet eg skulle hatt med Espen Ripegutu om basaren på KVS-Bygland i morgon til inntekt for elevane sitt misjonsprosjekt i Latvia, måtte gå ut. Basaren tek til klokka 18, og Espen skal ha informasjon om prosjektet og andakt. Svein Hillestad og Ole Magne Omdal skal og vere med, arrangementet tek til klokka 18. Dette fekk eg ikkje sende i går, eg måtte bare sende musikk den halvtimen som var sett av til Aktuelt frå kyrkje- og kristenliv.

Postludium måtte Niklos K. Besteland klare på eiga hand, til vanleg har vi det som eit samtaleprogram. Det klarte han for øvrig svært så godt, så det var ikkje noko tap om eg ikkje fekk vere med. Men Kyrkjebakken, programmet der ein snakkar om arrangement som skal vere i veka som kjem, måtte eg ta frå studio, og det er jo litt tungvindt når ein er teknikar.

I dag var Jørund innom og bytta headset med mikrofon, og det fungerer, så no skulle problema vere løyste. Eg var innom i radioen i dag og, då nytta eg høvet til å få ein artikkel om Anna van Driel, som var i studio hos Bjørgulv og fortalde om Earth Hour. Du kan lese om henne her: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Anna_van_Driel

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *