Mobiltelefonavhengig

Share

I dag las eg ein artikkel i Vårt Land der Levi Henriksen, forfattaren, fortalde at han etter kvart hadde lært seg å legge att mobiltelefonen heime. Han erfarte at han alt for ofte vart oppteken med å sjekke mobiltelefonen i staden for å vere til stades der han var. Han måtte sjekke om det var ein bokhandlar i Trøgstad som ville ha han på boksignering, der det kom tre kundar, to for å spørje om kor noko var i butikken og ein for å spørje etter boka Hel ved, som det jo var ein annan som hadde skrive. Då skjøna han at han burde gjere noko, så han la att telefonen heime.

I grunnen er det utruleg kor fort vanane våre har endra seg. På ti år har alle fått mobiltelefon og fleire og fleire seier opp abonnementet på fasttelefonen. Den ringer jo heime, og er du ikkje heime, får ein ikkje tak i deg. Men med mobiltelefonen får ein det.

Vi som jobbar med å lage Valle Radio er jo svært avhengige av at folk har mobiltelefon. Men når dei kjem i studio, vil vi jo at dei skruar av lyden eller legg telefonen att utanfor. Eg som på tysdagskveldane er både teknikar og programleiar, har jo av og til gløymt å setje telefonen på lydlaus, og plutseleg går ringesignalet mitt ut over heile Setesdal. Det er jo litt pinleg, då.

Men utan mobiltelefon hadde det vore mykje vanskelegare å sy saman ei sending. Intervju må planleggjast og den som skal intervjuast må nåast, ofte utanfor kontoret eller heimen. Så vi brukar telefonen mykje og har god hjelp av den. Mange gonger kan folk ikkje kome i studio, men ein kjapp prat på telefonen, det kan dei fleste vere med på. I sendinga onsdagskvelden måtte vi bruke mobiltelefonen for å snakke med Olav Jan Nomeland, for han var oppteken med dugnad for å byggje dragracebanen til Nordisk Meisterskap i snowdrag, så han kunne ikkje bryte av og kome i studio. Men frå banen på Åraksøyne fortalde han om opplegget og ønska folk velkomne til scooterfesten. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Onsdagsprogram_i_Valle_Radio_20130306

No er arrangementet over, Nordisk Meisterskap er arrangert. I morgon ventar eit cup-arrangement. Om du har høve til det og er interessert i denne forma for motorsport, bør du ta turen. Det vil vere ei oppleving utanom det vanlege.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *