Ny pave

Share

13. mars 2013 vart ein historisk dag, om ikkje i Valle, så i verda, for då fekk Den katolske kyrkja sin fyrste pave frå Latin-Amerika, verdsdelen som har dei fleste medlemmene i verda sitt største kyrkjesamfunn. Han tok namnet Frans, då går han inn i tradisjonen frå Frans av Assisi.

Litt morosamt var det at det ikkje tok lang tid før hendinga var omtalt i Valle Radio, for Berit Homme ringte inn svar på ein rebus, og då nytta ho høvet til å fortelje at verda hadde fått ein ny pave.

Det verkar som om kommentatorane er overraska, han var visst ikkje den folk hadde tippa skulle bli vald, og det tok bare eit døger og fem avstemmingar for å kome fram til eit resultat. Som skribent på Wikipedia lurte eg på om vi hadde artikkel om han, og det hadde vi hatt sidan 2005. Svensk og dansk Wikipedia måtte skrive artikkel i kveld, dei hadde ikkje dekning av kardinalane, som norsk Wikipedia har. Han er jo ikkje nokon ungdom, fødd i desember 1936. I 2001 vart han kardinal, han har hatt eit stort engasjement for fattige, les eg i Vårt Land si nettavis. http://www.vl.no/troogkirke/bergoglio-sa-du/

Det er ein tradisjon at det stig kvit røyk opp frå Sixtinske kapell når kardinalane har kome fram til ein ny pave. Trym Bjønnes tok bilete av den kvite røyken på Hovden Badeland og lurte på om det er kome ny bademeister der, sjå http://instagram.com/p/Wzs0dcpFZ5/

Den katolske kyrkja har fått mange nye medlemmer i Norge dei siste åra, både polske og andre innvandrarar høyrer jo til den kyrkja. Eg las eit intervju der det vart sagt at det ikkje var så mange nordmenn som konverterte, det var innvandrarar som førte til veksten.

Må valet av ny pave bli til velsigning.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *