Nye biografiar

Share

I dag vart det to nye biografiar om foredragshaldarar på Setesdalskonferansen 2013. Mannen som skal starte det heile torsdag 18. april klokka 10, Petter Planke, er ein gründer som no er blitt 76 år, men som ikkje kviler på laurbæra. Temaet hans er Grip dagen. Det skulle vel indikere temaet for konferansen så godt som det er mogleg å gjere det: Ein må gripe dagen om ein skal lukkast. Petter Planke var ferdig med Handelsgymnaset og skulle begynne på Handelshøgskulen. Så fekk han eit agentur for sjølvklebande etikettar og då droppa han studiar og gjekk i gang. Etter nokre år hadde han god innsikt i situasjonen til kjøpmenn rundt om i landet og såg at dei sleit med flaskepantproblem. -Tenk om vi kunne hatt eit hol i veggen der folk leverte flaskene og fekk kvittering for leveringa som dei kunne levere i kassen, var problemstillinga. Ingen hadde tenkt at det var mogleg før, men elektronikken var utvikla så godt på den tida, at no var det mogleg. I dag har TOMRA over 70% marknadsandel på verdsbasis. Planke er ute av firmaet, men har starta eit nytt firma i ein heilt annan sektor. No leverer han treningsapparat for musklar og skjelett. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Petter_Planke

Den andre eg skreiv om er direktøren for Innovasjon Norge på Agder. Erling Hellum er meir ein doldis, men kontoret hans formidlar støtte til folk som har gode idear og som vil satse på nyskaping. Han er jurist med ekstra master i management. I tillegg har han eit sterkt engasjement i Det norske Misjonsforbund. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Erling_Hellum

Dei to artiklane er ikkje spesielt lange, men det tek tid å setje dei saman når ein skal google fram den biografiske informasjonen som skal vere grunnlaget for ein biografisk artikkel. Sjølv om folk er ein del i media, er det ikkje alltid ein får vite så mykje om bakgrunn og samanhengar dei står i. Difor trur eg at artiklar av denne typen på Setesdalswiki kan vere gode å ha, også om folk som ikkje direkte har røter og liv i Setesdal. Det ser ut til at folk finn interessant informasjon på Setesdalswiki, for i mars har det i snitt vore vel 200 besøk kvar dag. Det gleder i alle fall denne skribenten.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *