Overrasking på direkten

Share

Eg trur nok Niklos K. Besteland vart litt overraska i kveld då redaktør i Valle Radio, Ørnulf Hasla, kom innom med blomebukett og konvolutt. Ørnulf beordra Niklos inn i studio, og han hadde ikkje anna å gjere enn å lystre sjefen.

Vel inne i studio gjekk dei på lufta og Ørnulf takka Niklos for innsatsen og gratulerte han med 60-årsdagen i morgon 6. mars. Det var nok litt uventa, for Niklos hadde meldt frå til avisene i regionen om at han ikkje ville ha namnet sitt i avisa i høve dagen, og så kom det i radioen i staden.

Men slik kan det gå når ein har hatt over 300 program med orgelmusikk og kyrkjemusikk i Valle Radio, heilt frå vi starta med tysdagsprogramma har Niklos vore med. Grundig og informativt fortel han om musikken vi spelar. Annankvar veke er han på plass, av og til med ekstra program og.

Valle Radio er einaste kanalen i Norge som har eit fast program av denne typen. Så smalt at andre radioar ikkje lagar slikt. Men vi gjer det, og i kveld var det tre-fire lyttarar på Internett, noko som tyder på at det er folk som høyrer på oss. Kor mange det er ute i dalen som høyrer på tysdagssendinga er ikkje godt å seie, men vonleg er det ein del der og.

Frå Valle Radio fekk Niklos blomar og gåvekort på 500 kroner hos Valle Handel. Gratulerer med dagen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *