Påskedag i Mandal

Share

I strålande ver gjekk turen til Mandal kyrkje for å vere med på påskegudsteneste. Vi var ikkje aleine, det visste vi på førehand, og når Mandal kantori er med, kjem dei tidleg, så vi visste og at det ikkje var parkeringsplass utanfor kyrkja, dermed parkerte vi nede i Øvrebyen. Vi var i godt selskap, sjølv om klokka bare var litt over halv elleve, tok det til å bli mange bilar på parkeringplassane også der.

På kyrkjetrappa stod Per Ragnar Haraldstad og helsa velkomen. Vi sneik oss unna det. Kyrkja i Mandal har tre inngangsdører, og prosten kan bare stå ved hovuddøra, medan vi alltid går inn gjennom den venstre inngangsdøra, den har folk som bur i gamle Halse kommune helst nytta. Vel inne var eg overraska over kor mykje folk det var alt eit kvarter før gudstenesta skulle starte. Velkommen til oppstandelsesgudstjeneste stod det på lerreta som heng framme i kyrkja. Dei har gått over til å bruke prosjektor for salmer og liturgi, så det er ikkje så mange som leitar i salmebøker lenger, sjølv om det er nummer på nummertavlene i kyrkja.

Det er festleg klokkeringing frå kyrkjetårnet på høgtidsdagar, men så stilna den og vi fekk innledningsinformasjon før inngangsprosesjonen med to dåpsbarn og Mandal kantori. Så gjekk gudstenesta sin gang, organisten hadde med seg ein trompetist, det lyftar alltid sangen. Og med 530 personar i kyrkja var det jublande sang frå første salma Påskemorgen slukker sorgen til siste salma Deg være ære.

Det er ikkje så lett å referere frå preika, så det står eg over. Etter at gudstenesta var ferdig, var det kyrkjekaffe på kyrkjebakken i strålande sol. Men temperaturen var vel knapt over fem grader, så det var ikkje så lenge vi stod der før vi fann bilen og kom oss innandørs.

Vel heime att dukka syster mi og mannen opp. Dei hadde besøkt venner og ville sjå innom oss og. Dermed vart vi mange til middag, for Margunn og Stein var innom hos oss etter å ha vore i Nederland den første del av påsken. Og Helge har vore heime og hatt påskeferie her frå tysdag. Så det vart ein hyggeleg ettermiddag før folk braut opp og tok på heimveg. No sit vi snart att toeine, påska er over og snøen tærast vekk. Smått om senn må det vel bli vår.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *